Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve om strategisk kommunikasjon

Her skal du lage ein enkel kommunikasjonsstrategi. Du skal også gjere greie for problemstillingar som kan oppstå i skjeringspunktet mellom strategisk kommunikasjon og journalistikk.
Foto av ein ung mann som skriv på eit nettbrett. Rundt han i lufta svever det bokstavar, og i bakgrunnen er eit digitalt verdskart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er

  • å vise at du forstår og kan nytte grunnleggjande mediefaglege omgrep og teoriar

  • å vise at du kan bruke det du veit om strategisk kommunikasjon, i ditt eige arbeid

  • å vise at du kan gjere greie for problem som kan oppstå i skjeringspunktet mellom og

Oppgåve 1: Omgrepsoppgåve

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

  • målretta kommunikasjon / strategisk kommunikasjon

  • kommunikasjonsstrategi

  • politisk kommunikasjon

  • marknadskommunikasjon

  • viral marknadsføring

Oppgåve 2: Skisser ein kommunikasjonsplan

Lag ei skisse til ein kommunikasjonsplan for Operasjon Dagsverk på skulen din.

Planen skal innehalde ei målsetjing, ein situasjonsanalyse og ei liste over dei fem viktigaste kommunikasjonstiltaka. Minst eitt av tiltaka skal sikre .

Oppgåve 3: Skriv ein fagartikkel

Skriv ein som diskuterer følgjande problemstilling:

Korleis bruker aktørar strategisk kommunikasjon til å påverke innhaldet i redaksjonelle medium ut frå eigne interesser?

Du kan gå inn i følgjande aspekt: Kva ønskjer aktørane å oppnå, i kva grad er det problematisk, og korleis bør redaktørar og journalistar ta omsyn til slik strategisk kommunikasjon?

I fagartikkelen skal du bruke mediefaglege omgrep og vise til faglege teoriar og etiske retningslinjer.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar