Hopp til innhald

Fagstoff

Profesjonell desinformasjon

Det finst tallause døme på aktørar som bevisst og målretta spreier desinformasjon og falske nyheiter. Ein slik aktør er russiske Internet Research Agency (IRA).
Skjermbilete av eit Facebook-innlegg med eit diffust bilete av ein afroamerikanar og logoen til ei gruppe som kallar seg "Woke Blacks". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Russiske Internet Research Agency (IRA) hadde som mål å påverke utfallet av presidentvalet i USA i 2016. Dei ville undergrave den tilliten amerikanske borgarar har til kvarandre og til demokratiet som styresett.

IRA brukte ulike sosiale medium som kanalar for å spreie , mellom andre Facebook, YouTube, Instagram og Twitter. Slik nådde dei ut til svært mange amerikanske veljarar som ukritisk delte informasjonen vidare. I ettertid har det vist seg at 25 prosent av meldingane som blei delte i sosiale medium før presidentvalet, inneheldt falske nyheiter.

Russarane i IRA hadde også tydeleg definerte målgrupper. Dei retta seg først og fremst mot afroamerikanske veljarar og personar på den ytste politiske høgresida eller venstresida.

Direktør Ulf Sverdrup i Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) beskriv korleis forsking har avdekt til det russiske byrået. Strategien var som følgjer:

  • å forsterke identiteten og lojaliteten internt i desse gruppene

  • å setje dei ulike gruppene opp mot kvarandre for å auke splittinga og skape frustrasjon i samfunnet

  • å bryte ned tilliten til etablerte medium og leiarar ved å spreie konspirasjonsteoriar, falske mistankar og rykte

Cyberkrigføring

Hacking og sabotasje som blir utført av ein stat mot ein annan stat, er eit døme på cyberkrigføring. Men det å undergrave styresettet i eit anna land gjennom målretta desinformasjon er også ein fiendtleg måte å blande seg inn i andre land sine saker på.

Ofte kan det vere vanskeleg å knyte statlege styresmakter til slik verksemd, sjølv om mykje tyder på at verksemda er anerkjend frå øvste hald.

Kjelde

Sverdrup, U. (2019, 29. januar). Desinformasjon virker. NUPI. Henta 8. desember 2021 frå https://www.nupi.no/nyheter/desinformasjon-virker

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar