Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Strøymetenester og global kulturformidling

Oppgåve

Skriftleg oppgåve– samanlikn kulturelle verdiar i to dramaseriar

Du skal kritisk vurdere to dramaseriar du kjenner godt. Kva verdiar formidlar seriane? Og korleis avspeglar seriane den kulturen dei er skapte i?

Målet med denne oppgåva er

  • å utforske sentrale trekk ved den internasjonale

  • å øve på kritisk vurdering av fiktive medieforteljingar

  • å forstå korleis medieforteljingar kan skape respekt og forståing mellom folk og kulturar, men også og

Oppgåve 1: Forklar omgrep

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

  • menneskesyn

  • verdiformidling

  • kritisk medieforståing

  • kulturimperialisme

Oppgåve 2: Skriv ei melding

Skriv ei kort melding (anmeldelse) av ein ny utanlandsk dramaserie. Vurder i kva grad serien kan appellere til unge i Noreg.

Oppgåve 3: Samanlikn to dramaseriar

bidreg til å byggje identiteten vår. Det gjeld ikkje minst den musikken vi lyttar til og dei dramaseriane vi ser som unge.

I denne oppgåva skal du samanlikne menneskesyn og i to dramaseriar. Korleis avspeglar seriane den kulturen dei er blitt til i? Og kva påverknad kan seriane ha på unge i andre kulturar?

Vel to seriar som du kjenner godt og har sett fleire episodar av. Den eine serien skal vere amerikansk, og den andre serien skal vere produsert i ein annan verdsdel (Afrika, Asia eller Europa).