Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale medium i krig og konflikt

Tidlegare såg vi moglegheita digitale medium har til å fremje demokrati, tilgang på informasjon og eit mangfald av stemmer i offentlegheita. No ser vi stadig ei anna side: Det er tydelegare korleis falske nyheiter, hatefulle ytringar og oppmodingar til vald er med på å skape kaos og usikkerheit.
Ei side der teksten består av ordet "truth" gjentatt ei rekke gonger i svarte typer. Ein stad i teksten står ordet "lie" med rød skrift. Eit forstørrelsesglass ligg over ordet og forstørrer det. Illustrasjonsfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Algoritmane prioriterer spreiing av løgner fylte med sinne og hat framfor fakta. Slike meldingar kan vere spesielt skadelege i samfunn som er prega av splitting og konflikt.

Dette sa den filippinske journalisten Maria Ressa då ho tok imot Nobels fredspris for kampen sin for ytringsfridommen i Oslo i desember 2021.

I talen sin sa ho også at sosiale medieselskap som Facebook er ein trussel mot demokratiet når dei mislykkast i å stoppe spreiing av hat og desinformasjon.

Sosiale medium i krig og konflikt

I periodar med krig og konflikt blir det å skape overtydande forteljingar og forklaringsmodellar heilt avgjerande. Det er mange som har interesse av å halde tilbake informasjon, vri informasjonsflyten eller produsere falsk informasjon.

Sosiale medium gjer at mange fleire bidreg med innhald, og det kan vere vanskeleg å vere sikker på kvar informasjonen kjem frå, og om han er sann. Bilete kan vere henta frå andre stader eller ei anna tid enn dei gir seg ut for. Til og med bilete frå videospel eller filmar kan presenterast som om det er røyndom.

Konspirasjonsteoriar og hatefulle ytringar

Konspirasjonsteoriar, falske nyheiter, hatefulle ytringar og oppmodingar til vald er kommunikasjonstypar som trivst i sosiale medium. Meldingar kan spreie seg raskt, og det er vanskeleg å trekkje tilbake innhald som viser seg å vere feil, eller som oppmodar til vald. Når store delar av ei befolkning har låg eller inga utdanning, slik som i Etiopia, kan graden av kjeldekritisk kompetanse vere lågare, og folk godtek lettare innhaldet dei blir serverte.

Når algoritmane til sosiale medieplattformer prioriterer spreiing av løgner fylte med sinne og hat framfor fakta, er det dårleg nytt for alle samfunn. Sosiale medium kan vere med på å nøre opp under polarisering og skape splitting og eit skarpare samtaleklima. Det rammar land og regionar i krig og konflikt aller sterkast.

Folkemordet i Rwanda i 1994

Vi veit frå historia at av folkegrupper ofte startar med ord og omgrep som førebur grunnen for overgrep.

På det afrikanske kontinentet er Rwanda eit dystert historisk døme. Der spelte radiostasjonen Mille Collines (Dei tusen åsane) ei viktig rolle i å umenneskeleggjere folkegruppa tutsiar i forkant av eit av dei verste folkemorda i historia i 1994.

Tutsiane vart mellom anna kalla for "kakerlakkar" – ekle insekt og skadedyr som ikkje hadde livets rett. Det hatefulle språket i kombinasjon med oppmoding til vald resulterte i at nærare ein million menneske vart drepne i løpet av knappe tre månader.

Med sosiale medium blir spreiing av informasjon forsterka.

Situasjonen i Etiopia

Afrikas nest mest folkerike land Etiopia, på Afrikas Horn, er eit døme på korleis sosiale medium kan brukast til å fyre opp under konfliktar og bidra til vald.

Etter mange år med demokratiske utfordringar og dårlege vilkår for ytringsfridommen var det store forventningar til Abiy Ahmed då han kom til makta som statsminister i april 2018. Noko av det første han gjorde, var å slutte fred med nabolandet Eritrea etter tjue år med krig og konflikt. Dette var avgjerande for at Abiy vart tildelt Nobels fredspris i 2019.

Portrettbilete av Etiopias statsminister Abiy Ahmed og leiar av Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF) Debretsion Gebremichael på framsida av ei etiopisk avis. Statsministeren er avbilda i dress og slips, mens TPLF-leiaren har kaps og skjerf. Mellom dei to portretta er det bilete av eit gevær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fredelege tidene varte ikkje lenge. Allereie året etter beordra den etiopiske statsministeren ein militær offensiv mot opprørarar i Tigray-regionen, og kort tid etter starta borgarkrigen.

Abiy er redd for at Tigray skal få for sterkt sjølvstyre og ønskjer å samle folkegruppene i landet til eit sterkare og meir sentralisert Etiopia. Fleire tusen er drepne i borgarkrigen, og omtrent to millionar er internt fordrivne i landet. Sivile tigrayar skal ha vorte utsette for vald, overgrep og fordriving i det FN kallar . I tillegg til konflikten på bakken går det føre seg ein regelrett informasjonskrig i sosiale medium.

Drapa i Aykel

I konflikten i Etiopia finst det døme som peikar på ein samanheng mellom oppmodingar til vald i sosiale medium og valdelege handlingar på bakken.

Ansiktet til ei etiopisk kvinne som er dekt til av eit kvitt sjal, berre panna og auga er synlege. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Facebook-brukaren Northern Patriot Tewodros Kebede Ayo oppmoda i august 2021 til vald mot ei etiopisk minoritetsgruppe. I eit innlegg på Facebook angreip han den etniske gruppa qimant, kalla dei tystarar, og skreiv at "oppryddinga må halde fram". To dagar seinare vart eit titals menneske med qimant-bakgrunn dregne ut av heimane sine og regelrett slakta i gatene i Aykel.

Dei som stod bak, var truleg medlemmer av den frykta Fano-militsen, ei nasjonalistisk paramilitær gruppe kjend for å ha delteke i ei rekkje grufulle overgrep. Drapa vart rapporterte av nyheitskanalen Al Jazeera, og to frittståande kjelder stadfesta ugjerningane.

Facebook – ein "uansvarleg" distributør av informasjon

Vi kan ikkje vere sikre på samanhengen mellom oppmodinga til Facebook-brukaren Northern Patriot Tewodros Kebede Ayo om å "rydde opp" og dei bestialske drapa i Aykel. Men vi veit at Facebook fleire månader tidlegare visste at denne Facebook-kontoen var sentral i eit nettverk som oppmoda til valdelege handlingar i Etiopia.

Gjennom ein lekkasje frå den tidlegare Facebook-tilsette Frances Haugen fekk offentlegheita eit sjeldan innsyn i kva Facebook visste. Haugen tok med seg meir enn 10 000 interne dokument då ho slutta i selskapet i mai 2021.

Dokumenta viser at Facebook etter ei intern evaluering i mars 2021 vart oppmoda om å stengje denne kontoen og ei rekkje liknande kontoar som spreidde hat, men det vart ikkje gjort. På same måte som Maria Ressa skuldar Frances Haugen Facebook for å prioritere å tene pengar framfor å verne sårbare menneske, sidan Facebooks algoritmar er justerte for å utløyse sterke reaksjonar.

Til refleksjon:

Kva tenkjer du kan vere grunnen/ane til at Facebook ikkje reagerer på meldingar om at kontoar aktivt blir brukte til å spreie hat og løgner?

Les meir om Facebook si handtering av hatytringar i Etiopia i Mail & Guardian.

Tre rohingyaer, ein av dei med kufi på hovudet, studerer ein mobilskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep:

CC BY-SASkrive av Kristin Skare Orgeret.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Globale teknologiselskap og medieaktørar