Hopp til innhald
Fagartikkel

Teknologi- og annonseselskap

Dei store teknologi- og annonseselskapa er blant dei største selskapa globalt, målt i børsverdi. Forretningsmodellen kan forklare kvifor dei er så store, og kvifor dei grip inn i ditt og mitt personlege liv.

Kven er dei?

Eit fellestrekk ved dei store teknologi- og annonseselskapa er at dei eig dei største sosiale media som blir brukte globalt.

Blant dei største teknologi- og annonseselskapa finn vi dei amerikanske selskapa Alphabet (Google og YouTube) og Meta (Facebook, Instagram, Messenger og WhatsApp) og det kinesiske selskapet Tencent (WeChat, QQ og ein andel av Snapchat).

Heile 98,5 prosent av inntektene til Meta og 83 prosent av inntektene til Alphabet kom i 2019 frå annonsar. Gjennom eigarskapen sin grip desse selskapa inn i liva våre på ulike vis. Forretningsmodellen deira kan på mange måtar forklare kvifor selskapa har blitt så store, og kvifor dei sosiale media er utforma slik dei er.

Forretningsmodellen

Ved å sjå på korleis Meta (tidlegare Facebook) har utvikla seg sidan selskapet blei grunnlagt i 2004, får vi eit tydeleg bilete av kva som kjenneteiknar forretningsmodellen til dei store teknologi- og annonseselskapa.

Den økonomiske veksten til Meta er utan tvil ei suksesshistorie. Men fram til 2009 var ikkje Meta eit lønsamt selskap. Hovudsatsinga dei første åra var brukarvekst, men i 2008 blei lønsemd det viktigaste for selskapet etter at dei bestemte seg for å satse på annonsar som inntektskjelde i 2007.

Gjennom strategiske oppkjøp og kopiering oppnådde dei ein kritisk masse og gjorde det mogleg å etablere ein forretningsmodell basert på og sal av .

Marknadsposisjon og bruk

  • Facebook er i dag den største sosiale plattforma i verda, med 2,85 milliardar månadlege aktive brukarar (juni 2021).

  • 3,5 millionar nordmenn har ein brukarprofil på Facebook, og 69 prosent bruker Facebook dagleg (oktober 2021).

  • Meta blei i april 2021 verdsett til over 1000 milliardar dollar på børsen.

  • Meta omsette for 29 milliardar dollar dei første 3 månadene i 2021. Selskapet hadde eit overskot på 10,4 milliardar dollar dei første 3 månadene i 2021.

  • Meta har 60 650 heiltidstilsette (mars 2021).

Kva kjenneteiknar denne forretningsmodellen?

Eit av kjenneteikna er at selskapet samlar så mykje brukarinformasjon om deg og meg som mogleg. Deretter bruker dei ein algoritme-driven måte å vise fram innhaldet på. Dette gjer at dei lettare kan vise målretta annonsar til brukarane.

Denne marknaden handlar derfor i stor grad om sal av annonsar som er målretta. Du og eg bruker ei gratisteneste og jobbar samtidig gratis for dei ved å gi frå oss brukardata. Denne forretningsmodellen kan langt på veg forklare kvifor dei sosiale media er utforma slik dei er.

I boka Sosiale medier (2021, s. 15) skriv forfattarane Ida Aalen og Magnus Hoem Iversen følgjande:

Det er vi som gir mening til sosiale medier. Uten oss er sosiale medier nyhetsstrømmer uten innhold, knapper som ingen trykker på, og algoritmer som ikke har noen oppgaver.

Konsekvensar for forbrukarane

Selskap som Meta tilbyr sosiale medium som har privatlivet vårt og merksemda vår som råvare. Dette grip inn i ditt og mitt personlege liv, endrar reglane for kven og kva vi gir merksemd, og grip inn i det samfunnet og demokratiet vi lever i. Mellom anna har den norske mediebransjen tapt store annonseinntekter.

Tenk over

På spørsmålet om kva sosiale medium gjer med oss, seier medievitarane Ida Aalen og Magnus Hoem Iversen dette:

Når vi spør hva sosiale medier gjør med oss, spør vi hva sosiale medier gjør med noe som er komplisert og mangfoldig. Derfor gjør heller ikke sosiale medier en ting med oss. Svaret kan ikke være enkelt, fordi de har blitt sammenvevd med noe som ikke er enkelt. (Aalen & Iversen, 2021, s. 210).

Kva prøver medievitarane å seie oss i dette sitatet?

Facebook og framtida

Facebook har dei siste åra fått eit meir kritisk blikk retta mot seg. Den utløysande faktoren var presidentvalkampen i USA i 2016, der Donald Trump blei valt til president. I ettertid har det kome fram at mellom andre Russland hadde prøvd å påverke det amerikanske presidentvalet ved bruk av sosiale medium som Facebook.

Det har òg kome fram at konsulentselskapet Cambridge Analytica hadde fått tilgang til data frå over 80 millionar Facebook-brukarar, og at selskapet hadde brukt desse dataa for å målrette politiske annonsar for Trumps presidentvalkamp.

Via varslaren Frances Haugen fekk offentlegheita i 2021 innblikk i interne dokument som gav Facebook negativ publisitet. Dokumenta viste òg at Facebook slit med å rekruttere yngre brukarar i den vestlege verda.

Kva er så Facebook sitt svar på dette? I oktober 2021 svarte dei med at dei skal bli endå større og helst skape eit heilt nytt univers for oss – eit "Metaverse" ("Metaunivers" på norsk) – og at selskapet skiftar namn frå Facebook til Meta.

Kjelder

Aalen, I. & Iversen, M.H. (2021). Sosiale medier. Fagbokforlaget.

Boyd, D. (2011). Social Network Sites as Networked Publics: Affordances, Dynamics, and Implications. I Z. Papacharissi (Red), A Networked Self: Identity, Community and Culture on Social Network Sites (s. 39–57). Routledge.

Solheim, E. (2021, 29. oktober). Facebooks vei mot verdensherredømme. NRK Beta. https://nrkbeta.no/2021/10/29/facebooks-vei-mot-verdensherredomme/

Relatert innhald