Metaunivers – ein draum om verdsherredømme?
Sidan Metaverse (metauniverset på norsk) framleis er på idéstadiet, kan det vere vanskeleg å forstå kva det eigentleg dreier seg om. For å få innsikt i dette skal de i fellesskap studere tre ulike kjelder:
Sjå Mark Zuckerbergs lanseringsvideo "The Metaverse and How We'll Build It Together -- Connect 2021" på YouTube. Videoen er teksta på engelsk, og de kan også velje maskinomsett teksting på norsk.
Les kommentarartikkelen "Hvordan ruster mediene seg for Facebooks metaverse-invasjon i Europa?" på E24. Forfattaren er Astrid Gynnild, som er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen.
Les kommentarartikkelen "Facebooks vei mot verdensherredømme" på NRKbeta. Forfattaren er NRKs teknologirådgivar Eirik Solheim. NRKbeta er ei avdeling i NRK som utforskar bruken av nye teknologiske løysingar.
Samanlikn det de har funne ut om kva Metaverse er, og lag ein kort presentasjon for resten av klassen.
Etter kvar presentasjon skal klassen få moglegheit til å stille tre spørsmål til innhaldet.
Metaverse blir lansert som eit teknologiske paradigmeskifte, ei ny kommunikasjonsplattform der verkelegheit og virtuell verkelegheit smeltar saman. Men kva konsekvensar kan ei slik utvikling få?
Diskuter korleis produksjon og distribusjon av informasjon i metauniverset kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser.
Kvar gruppe skal formulere ei kort problemstilling til debatt i klassen. De skal formulere problemstillinga i éi setning. Skriv setninga på tavla eller bruk Samtavla som verktøy.
Køyr debatt i klassen. Hugs å argumentere for meiningane dine på ein fagleg måte ut frå det du veit om globale teknologiselskap og medieaktørar.
Relatert innhald
Bruk Samtavla til å dele korte bidrag. La bidraga til elevane drive dialogen.