Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologi, demokrati og etikk i filmen The Circle

Den amerikanske spelefilmen The Circle viser kva moglegheiter som ligg i global teknologi. Men filmen reiser også viktige etiske og demokratiske problemstillingar.

Sjå den amerikanske spelefilmen The Circle frå 2017. Filmen varer i 1 time og 50 minutt.

I filmen ser vi korleis teknologiselskapet The Circle stadig utviklar ny og banebrytande teknologi. Den nye medarbeidaren Mae Holland (Emma Watson) får moglegheit til å stå i spissen for eit eksperiment som har store framtidsutsikter, men som også tøyer etiske grenser.

Oppgåve 1: Teknologigigantar og bedriftskultur

  1. Korleis utnyttar selskapet The Circle ny teknologi og ein global marknad til å skaffe seg makt og innverknad?

  2. Beskriv dei som pregar leiarskapen og dei tilsette i denne bedrifta.

  3. Kan det tenkjast at eit norsk selskap kunne gjort det same? Kvifor, eller kvifor ikkje?

Oppgåve 2: Likskapar mellom The Circle og Metaverse

  1. Kva er det ved denne filmen som gjer at vi lett identifiserer han som amerikansk? Finn døme utover det reint språklege.

  2. Kva likskapar finst det mellom visjonane til det selskapet The Circle og dei visjonane Meta (tidlegare Facebook) har om eit metaunivers ()?

Oppgåve 3: Rollespel

Del klassen inn i grupper på rundt seks elevar.

Først skal gruppemedlemmene kvar for seg skrive ned ei problemstilling eller eit etisk som denne filmen reiser. Del problemstillingane med dei andre i gruppa.

Gruppa vel deretter ei av dei seks problemstillingane som utgangspunkt for eit kort rollespel.

Gruppa skal framføre rollespelet i klassen og synleggjere problemstillinga og dei vala de sjølve ville ha teke i møte med tilsvarande etiske utfordringar.

Oppgåve 4: Klassediskusjon

I filmen lanserer karakteren Mae Holland ideen om at alle innbyggjarar i eit land skal ha plikt til å stemme ved val. Teknologigiganten The Circle kan nemleg tilby teknologi som gjer dette mogleg verda over. Valresultatet blir synleg med ein gong.

Diskuter om ei slik ordning ville ha styrkt eller vore ein fare for demokratiet.

Relatert innhald

Tankevekkjande og dystopisk spelefilm frå 2017. Filmen reiser sentrale spørsmål om ny teknologi er eit gode eller ein trussel mot samfunnet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022

Læringsressursar

Globale teknologiselskap og medieaktørar