Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Nye medieplattformer har skapt ein personalisert mediebruk, der mottakarar kan gjere individuelle val. Unge i dag er den første generasjonen som potensielt kan velje bort alt norsk medieinnhald. Det er ei utfordring for norsk språk og kultur.

Når du har jobba med denne læringsstien, skal du

  • vite kva som kjenneteiknar mediebruk i den generasjonen du høyrer til
  • kunne reflektere over korleis ein globalisert mediemarknad kan påverke det norske språket
  • kjenne til nokre globale strøymetenester og korleis dei påverkar nasjonal medieindustri
  • kunne vurdere fiktive medieforteljingar i eit kulturkritisk perspektiv