Nettet sine mørke sider: seks tiltak
Sosiale nettverk har revolusjonert moglegheitene til å ytre seg og vere i kontakt med andre. Dei positive moglegheitene er store, men også dei mørke sidene har blitt meir og meir openberre.
Denne kronikken frå 2020 er henta frå Mediebedriftenes Landsforening og publisert etter avtale.
Mediefeltet er i rask utvikling, og det skjer store endringar frå år til år. Allereie i 2022 ser vi at det har vore utvikling innan fleire av temaa denne kronikken frå 2020 tek føre seg.
Dei positive moglegheitene ved digitale sosiale nettverk er store: frie ytringar, vennskap, kunnskap og gjensidig forståing. Men nettverka blir også brukte til trakassering, spreiing av hatefulle ytringar og konspirasjonsteoriar, overvaking og manipulering av val gjennom målretta løgn og propaganda.
Utviklinga stiller derfor demokratiske samfunn overfor store utfordringar. Splitting og mistillit er aukande i mange land, og det er naivt å tru at vi i Noreg er immune. Derfor er det nødvendig med tiltak mot dei negative sidene ved verksemda til dei digitale sosiale nettverka. Samtidig må vi ta vare på moglegheita og kapasiteten media har til å produsere nyheiter, aktualitet og debatt.
Vi er enno eit tillitsbasert samfunn. Det er eit av Noregs store fortrinn. Høg kompetanse i befolkninga er eit anna betydeleg fortrinn. For at vi skal behalde desse fortrinna, må mellom anna befolkninga ha eit høgt mediekonsum, og norske medium må gjere ein god jobb med å halde befolkninga informert. Dette gjer media gjennom å formidle nyheiter og leggje til rette for ein god og faktabasert samfunnsdebatt lokalt, regionalt og nasjonalt. Redaktørstyrte medium er infrastrukturen til demokratiet.
Moglegheita media har til å finansiere journalistikk, er likevel under press, og for mange av media er årsaka at globale sosiale nettverk er blant dei aller viktigaste konkurrentane deira. Det gjeld særleg for inntekter frå digital annonsering. Sosiale nettverk har fordelar av manglande eller utdaterte nasjonale og overnasjonale reglar på ei rekkje område, noko som gir dei andre konkurransevilkår enn nasjonale medieaktørar.
Den kraftige veksten og utbreiinga til dei sosiale nettverka betyr store utfordringar for demokratiske samfunn. Nettverka kan potensielt brukast av udemokratiske krefter til å påverke val og andre demokratiske prosessar, og i mange tilfelle opptrer nettverka som tilnærma monopol, noko som svekkjer den reelle konkurransen. Dette går ut over mellom anna media, og det vil etter kvart kunne redusere folket sin tilgang på eit mangfaldig tilbod av redaktørstyrte medium – og slik svekkje demokratiet. Det er derfor nødvendig med tiltak for å bøte på dei negative sidene ved dei sosiale nettverka og dermed styrkje dei positive sidene.
Her er seks forslag som kan ha mykje å seie:
Ein ny kategori av aktørar: Globale sosiale nettverk som mellom anna Google, Facebook og YouTube er verken utgivarar eller berre distributørar. Dei utgjer ein eigen kategori, som må ha eit definert juridisk medverkaransvar for det brukargenererte innhaldet dei gjer tilgjengeleg.
Fakta på bordet: I kva grad blir globale sosiale nettverk brukte i skjulte og falske påverknadskampanjar retta mot demokratiske val og demokratiske institusjonar, og til trakassering av politikarar og offentleg tilsette? Dette må bli undersøkt. Det må også bli vurdert om dei globale sosiale nettverka sin dominerande posisjon på den digitale annonsemarknaden hindrar open og fri konkurranse.
Relevant lovgiving: Den nasjonale og internasjonale lovgivinga og tilsynsmakta må bli oppdatert og handheva effektivt, slik at medverkaransvaret blir reelt. Vi må få eit regelverk for politisk reklame som sørgjer for openheit om avsendar og finansiering, same kvar reklamen blir publisert. EU må fastsetje lovene og reglane, men tilsynsmyndigheita må vere nasjonal.
Normal forretningsførsel: Globale sosiale nettverk må bli pålagde å følgje alminnelege krav til forsvarleg forretningsførsel. Sosiale nettverk må etablere handlingsreglar som skaper føreseielegheit for nasjonale redaktørstyrte medium når det gjeld algoritmeendringar, indekseringspraksis, avtalar om bruk av innhald med meir. Sosiale nettverk må oppgi til styresmaktene kor mykje av inntektene i Noreg som kan knytast til deira bruk av medieinnhald.
Medieforståing: Styresmaktene må forsterke innsatsen overfor befolkninga knytt til kunnskap om kritisk mediekompetanse, kjeldekritikk og personvern. Kunnskap og forståing i befolkninga er det beste vernet mot negative effektar. Innsatsen i skuleverket må bli rusta opp, og det må også bli utvikla og gjennomført tiltak for vaksne.
Skattlegging: Noreg må leggje press på OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) om å kome fram til nye skattereglar – mellom anna greie ut nasjonal skattlegging. OECD kom i 2019 med eit forslag om eit minstenivå på skatt. I januar 2020 publiserte dei ei fråsegn der dei 137 landa som deltek i forhandlingane, forpliktar seg til å bli einige om eit nytt, internasjonalt skattesystem innan utgangen av året. Det er likevel langt frå sikkert at dette skjer. (Her skjedde det endringar i 2021. Les pressemeldinga "Historisk avtale om skattlegging av store flernasjonale selskaper" på regjeringa.no.)
Redaktørstyrte medium er blant dei fremste forsvararane av ytringsfridom, pressefridom og informasjonsfridom. Det er sentralt at tiltak som er retta mot dei negative sidene ved verksemdene til dei digitale sosiale nettverka, ikkje kjem i konflikt med desse fridommane. Det er også nødvendig å ta vare på moglegheita og kapasiteten media har til å produsere nyheiter, aktualitet og debatt.
Men medieøkonomien er svekt etter at annonseinntektene har blitt meir enn halverte på få år. Vinnarane er særleg Google og Facebook, to selskap som gjennom dei digitale økosystema sine bidreg sterkast til dei utfordringane vi ser. Derfor må ein også vurdere konkrete tiltak for å sikre mediemangfaldet. Dette er nødvendig for å sikre det som gjer Noreg til eit godt samfunn. Demokratiet kan bli styrkt eller svekt litt kvar dag. La oss sørgje for at det blir styrkt.
Publisert etter avtale med Mediebedriftenes Landsforening. Tilrettelagd av NDLA.
Øgrey, R. S. & Wisted, B. (2020, 7. september). Nettets mørke sider: seks tiltak. Mediebedriftenes Landsforening. Henta 11. januar 2022 frå https://www.mediebedriftene.no/artikler/2020/nettets-morke-sider-seks-tiltak/
Finansdepartementet (2021, 9. oktober). Historisk avtale om skattlegging av store flernasjonale selskaper. Regjeringa. Henta 3. mars 2022 frå https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/aktuelt-regjeringen-solberg/fin/pressemeldinger/2021/historisk-avtale-om-skattlegging-av-store-flernasjonale-selskaper2/id2875807/