Etisk bruk av KI i mediebransjen
Sjå Lisa Reutters foredrag om kunstig intelligens. Noter etiske problemstillingar som dukkar opp undervegs i foredraget.
Dersom du vil dykke djupare ned i etiske problemstillingar, kan du lese desse artiklane:
Universitetet i Agder: "Kan kunstig intelligens erstatte journalistar og forfattarar?"
Kommunal- og moderniseringsdepartementet: Nasjonal strategi for kunstig intelligens, side 58–63
Del klassen inn i mindre grupper. Kvar gruppe førebur eit rollespel som illustrerer ei etisk problemstilling eller eit etisk dilemma som kan oppstå når kunstig intelligens blir teken i bruk i profesjonell mediekommunikasjon. Sjå forslag til problemstilling lenger nede.
Førebu dykk ved å lese dei følgande artiklane:
Journalisten.no: "Norske medier må samarbeide om kunstig intelligens"
Ranktracer.com: "AI i videoproduksjon: Revolusjonerer mediebransjen"
Rollespelet bør vare i maksimalt to minutt. Det viktigaste er å få tydeleg fram problemstillinga. De kan eventuelt òg ta med korleis problemstillinga kan møtast på ein etisk forsvarleg måte av folk som jobbar i mediebransjen.
Problemstillingar om KI i medieproduksjon
bruk av bilete laga ved hjelp av kunstig intelligens i reklame
effektivisering ved hjelp av KI-verktøy som skriv nyheitsmeldingar
bruk av algoritmar som triggar unge til å kjøpe produkt på nett
bruk av tekstrobotar til å utarbeide nye filmmanus
Gjennomfør rollespela med resten av klassen som tilskodarar.
Diskuter deretter i plenum korleis mediebransjen bør forhalde seg til desse problemstillingane.
Bli samde om ti etiske reglar som bør gjelde for bruk av kunstig intelligens i mediebransjen. Skriv opp desse reglane på tavla.
Relatert innhald
Innovativ medieteknologi får konsekvensar for mediebruken vår. Medieteknologien er i stadig endring, og dette påverkar både individet og samfunnet.
Digitale visuelle uttrykk laga med kunstig intelligens (AI/KI) kan vere realistiske som foto eller kreative som kunstverk.