Ungdom og globale plattformer
Ungdommen i dag er sosiale, globale og digitale – i større grad enn andre grupper i det norske samfunnet. Dei har medievanar som skil seg frå alle andre, barn som vaksne.
Som ungdom tilhøyrer du dei globale innfødde, ein generasjon som har vakse opp i ein mediekultur dominert av globale plattformer som Facebook, Spotify og Netflix. Du er del av den første generasjonen som potensielt kan velje bort alt norsk innhald.
Mediebransjen i Noreg fryktar at din generasjon ikkje kjem til å bli som foreldra sine. De er dei første som tek i bruk nye medieteknologiar, og de er dei første til å forlate etablerte medieformer. Det siste ser vi tydeleg når det gjeld bruk av Facebook, der tendensen er at dei unge i den vestlege verda forlèt den globale plattforma.
Dette får konsekvensar for både deg, dei norske media og styringa av mediepolitikken i Noreg.
Tenk over
Er du einig i den skildringa som blir gitt av medievanane til unge? Kom med døme som underbyggjer denne skildringa.
Diskuter i klassen i kva grad dei eldre generasjonane tek etter medievanane til ungdommen.
For unge er underhaldning eit særleg attraktivt innhald. Underhaldninga er viktig som identitetsbyggjar og generasjonsmarkør i ei ungdomstid som formar ungdommane som menneske. Underhaldninga toppar straumetenestene, og konkurransen mellom medieaktørane er stor både nasjonalt og globalt.
Rekk opp handa dei av dykk som har sett
Førstegangstjenesten
Ex on the Beach
Kompani Lauritzen
Paradise Hotel
The Breakfast Club
Beverly Hills 90210
Gossip Girl
Skam
Genera+ion
Young Royals
Eigenprodusert plattforminnhald er populært
Som ungdom konsumerer du ikkje berre underhaldning frå dei store medieaktørane. Du konsumerer òg underhaldning som du sjølv finn, innhald som er laga av influensarar, innhaldsskaparar, gamerar og andre som opererer på tvers av ulike plattformer.
Mange av dei norske media har derfor lagt opp ein strategi der dei prøver å produsere innovativt innhald som appellerer til unge, og gjer det tilgjengeleg der dei unge ønskjer å finne det.
Den norske mediebransjen seier sjølv at konkurransen har endra seg frå eit NM til eit VM. I dag konkurrerer dei med alle, og det blir Davids kamp mot Goliat – både når det gjeld å produsere innhald og gjere det tilgjengeleg, og når det gjeld inntekter.
Sjølv om den norske mediebransjen hadde klart å tilby det beste innhaldet i verda, hadde det vore fare for at få hadde oppdaga det. Dessutan taper den norske mediebransjen store annonseinntekter til teknologigigantane Alphabet (tidlegare Google) og Meta (tidlegare Facebook).
Konkurransevilkåra har endra seg, og det kjem tydeleg fram ved at dei globale aktørane i liten grad må betale skatt i Noreg. Dette har gjort at den norske mediebransjen er tvinga til å endre sine eigne forretningsmodellar for å prøve å halde følgje.
Sjølv om den digitale utviklinga har gjort det enklare for deg og meg å ytre oss og få tilgang til informasjon, fryktar medieforskarane at informasjonsfridommen vår, kvaliteten på journalistikken og dei demokratiske funksjonane i det norske samfunnet blir svekte av utviklinga.
Drivkrafta her er svekkinga av økonomien til dei tradisjonelle redigerte media. Medieforskarane fryktar òg at det kan oppstå informasjonskløfter i det norske samfunnet mellom dei som er informerte, og dei som ikkje søkjer informasjon.
Tenk over
Medieutviklinga stiller større krav til kritisk mediekompetanse.
Korleis kan du vere ein aktiv og medviten mediebrukar?