Hopp til innhald

Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)

Utvikling, læring og motivasjon

I alle institusjonar ein barne- og ungdomsarbeidar kan jobbe ved, vil det å stimulere til utvikling og læring vere ein vesentleg del av arbeidet. For å kunne gjere dette må du ha kunnskap og kompetanse om kva som gir barn gode utviklings- og læringsvilkår.

Motorisk utvikling

Den motoriske utviklinga handlar om å kunne styre og kontrollere eigen kropp. Motorikken blir utvikla ved at barn og unge er fysisk aktive. Gjennom å stimulere og trene både grovmotoriske og finmotoriske ferdigheiter og balanseferdigheiter vil den motoriske utviklinga bli styrkt og utvikla.

Læringsressursar

Motorisk utvikling