Hopp til innhald
Fagartikkel

Motorisk utvikling hos barn 1 til 6 år

Her finn du ei kort og svært grov oversikt over dei sentrale trekka i den motoriske utviklinga i alderen 1 til 6 år. Det er viktig å merke seg at utviklinga ikkje følgjer eit absolutt stabilt og førehandsbestemt mønster som er likt for alle barn, og at det er store variasjonar.

Oversikt over den motoriske utviklinga 1 til 6 år

Utviklinga av motoriske ferdigheiter skjer kontinuerleg. Det betyr at utviklinga har ein jamn framgang eller gradvis auke og byggjer på tidlegare erfaringar. Det ser ut til at utvikling av rørsler går føre seg i ei bestemd rekkjefølgje: frå å krype og krabbe til å gå, springe og hoppe.

Før dei er tre år, startar barn det første steget mot å lære dei grunnleggjande rørslene (krype, krabbe, rulle, sitje, gå, springe, hoppe, hinke, gripe, kaste, klatre og så vidare). I fire–femårsalderen blir dei grunnleggjande ferdigheitene utvikla slik at barna meistrar dei grunnleggjande rørslene i ulike miljø.

Oversynet nedanfor viser sentrale trekk ved den motoriske utviklinga. Tabellane er utarbeidde av T. Moser og R. Storli (2014). Det er viktig å merkje seg at innanfor eit felles utviklingsmønster vil det finnast store individuelle skilnader. Utviklinga er individuell og avheng av dei medfødde eigenskapane og tidlegare erfaringane til barnet, i tillegg til det fysiske og sosiale miljøet og oppgåvene som skal bli utførte/lærte.

Motorisk utvikling, 1 - 6 år

Alder

Gonge

Eittåringen

Breitt fotfeste, utan rotasjon i ryggsøyla. Lett bøyg i kne og hofter. Flat fot. Armane er bøygde og blir haldne høgt for å halde balansen. Gåing baklengs. Overgang stilleståande og gonge (start og stopp).

Toåringen

Forbetra gangmønster, mindre breitt fotfeste, betre balanse og byrjande fotavvikling (hæl–tå-gange). Byrjar å halde balansen på eitt bein.

Treåringen

Koordinert diagonalt gangmønster, med fotavvikling, avrulling (set hælen først ned i steget). Armane byrjar i eit kryssmønster og armsving. Byrjande rotasjon i ryggsøyla.

Fireåringen

Ledig gonge med velutvikla armsving med kryssmønster. Vekselvis gonge i trapper oppover (framleis kan det vere litt vanskeleg nedover).

Fem–seksåringen

Diagonalgang med full rotasjon i ryggsøyla. God fotavvikling.

Motorisk utvikling, 1 - 6 år

Alder

Springing

Eittåringen

Spring med små skritt, stive bein og armar utan koordinasjon mellom armar og bein.

Toåringen

Spring på flat fot med ein byrjande svevefase i løpet. Plutselege retningsendringar blir mogleg. Barnet kan auke og dempe farten og stoppe brått.

Treåringen

Løpsrørsla utviklar seg sterkt. Raske retningsendringar og rørsletilpassingar. Koordinert start og stopp av forflyttingar.

Fireåringen

Fullutvikla løpsrørsle, set hælen først i bakken og har koordinert armsving.

Fem–seksåringen

God koordinasjon mellom armar og bein i springing. Diagonal bruk av arm og bein. Kan skifte rørslemønster (springe og hoppe). Kombinasjon av fleire rørsler (springe og sparke ein ball).

Motorisk utvikling, 1 - 6 år

Alder

Hopping

Toåringen

Første hopping, mest på flat fot. Startar ofte med å hoppe på staden.

Treåringen

Hoppar ned frå noko og hoppar over hinder på to bein. Kan hoppe framover med samla bein.

Fireåringen

Hoppar meir nyansert og byrjande hinkehopp.

Fem–seksåringen

Hopping er automatisert, hoppar på to bein med svikt og kan utføre mange hopp etter kvarandre. Kan hoppe strikk. Hoppar over hinder på eitt bein og hinkar på kvart bein.

Motorisk utvikling, 1 - 6 år

Alder

Kast og ta imot

Eitt- og toåringen

Før barnet er eitt år, er det vanskelegare å sleppe ein gjenstand enn å ta han. Kaster og sparkar ball. Kaster ofte med to hender.

Treåringen

Kastar retningsbestemt, men utan styrke og presisjon. Byrjande (enkelt) mottak av ball.

Fire–femåringen

Utfører kast over hovudet. Nyttar rørslene til kroppen, dreier kroppen slik at kastet blir meir effektivt. Kastar meir målretta mot ein blink. Mottak av ball mot kroppen, blir sikrare.

Fem–seksåringen

Kastet får styrkje og presisjon. Vektoverføring frå høgre til venstre fot eller omvendt under kastet. Byrjande mottak av liten ball med aktivt grep (to hender).

Klatring

I eittårsalderen startar barn med byrjande klatring på trapp, stol eller benkar. Etter kvart som barnet meistrar klatring, som er eit kryssa rørslemønster med armar og bein, vil dei like å klatre. I treårsalderen klatrar dei vanlegvis ikkje høgare enn dei klarer sjølv utan assistanse. Eldre barn klatrar høgt og utfordrar seg sjølv.

Finmotorikk

Motorisk utvikling, 1 - 6 år

Alder

Finmotorikk

Eittåringen

Pinsettgrep er for det meste utvikla. Nyttar hendene parallelt og symmetrisk. Blir styrt mykje frå skulder og olbogeledd. Byrjande bruk av skei. Leik med klossar (enkel bygging). Innover-rotert tverrgrep.

Toåringen

Byrjande utvikling av handdominansen. Held fram med innover-rotert tverrgrep – nokon byrjar allereie med blyantgrepet. Kan nytte etereiskap. Byrjande meistring av enkle konstruksjonsleikar (klossar blir sette etter kvarandre horisontalt, nokon byrjar allereie vertikalt). Sparkar og slår meir målretta mot objekt i rørsle (ball).

Treåringen

Kan nytte fingrane meir og meir "uavhengig." Grepet blir meir utover-rotert. Meistrar å byggje med klossar i høgda. Konstruksjonsleiken blir meir avansert, set klossar både etter kvarandre og oppå kvarandre (vertikalt). Byrjande (enkelt) mottak av ball. Klarer noko påkleding sjølv.

Fireåringen

"Forfingergrep" med alle fingrar blir perfeksjonert. Bruk av etereiskap blir automatisert. Teiknar enkle figurative motiv (hovudfoting). Heller i ein kopp, et med kniv og gaffel.

Femåringen

Vakse blyantgrep, "utoverdreitt". Tuppen av tommelfinger kan førast mot alle dei andre fingertuppane. Meistrar puslespel motorisk. Meir avansert reiskaps- og verktøybruk. Smør brødskive. Klipper langs ei linje og teiknar mellom linjer. Spretter ball mot golvet (relativt kontrollert).

Seksåringen

Klipper ut figurar. Fargelegg presist. Meistrar variert mottak av ball mot brystet, byrjande fritt ballmottak. Kastar større ball opp og fangar han igjen, slår ball mot ein vegg

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du observere den motoriske utviklinga til barn?
  2. Korleis kan du leggje til rette for fysisk aktivitet for barn i barnehagen? Gi konkrete døme.
  3. Kva betyding har fysisk aktivitet for barn i barnehage?
Kjelder

Fjørtoft, I., Kjønniksen, L. & Støa, E. M. (2018). Barn – unge og fysisk aktivitet. Operasjonalisering av anbefalingene om fysisk aktivitet og stillesitting for barn og unge i alderen 0–18 år. https://openarchive.usn.no/usn-xmlui/bitstream/handle/11250/2578038/2018_12_fjortoft.PDF

Mjaavatn, P. E. & Fjørtoft, I. (2008). Barn og fysisk aktivitet med hovedvekt på aldersgruppa 0–16 år. Informasjon og veiledning til foreldre og andre voksne. https://bibliotek.bufdir.no/buf/101/barn_og_fysisk_aktivitet.PDF

Moser, T. & Storli, R. (2014). Fysisk og motorisk utvikling. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 100–126). Fagbokforlaget.