Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Betydinga av fysisk aktivitet

Det å vere fysisk aktiv har stor betyding for den motoriske utviklinga hos barn og unge. Dei vaksne må vere aktive og til stedes, støtte og ikkje minst utfordre barna. I desse oppgåvane skal du vurdere kor viktig fysisk aktivitet er for barn, og rolla di som vaksen.
To gutar på ei stor fuglereirhuske. Den eine står og held i tauet og gir fart, den andre sit. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Meistring og rørsleglede er viktige mål for fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra. Forklar kvifor det er slik.
  2. Kva har fysisk aktivitet å seie for den motoriske utviklinga?
  3. God motorisk kompetanse er ein viktig føresetnad for å meistre situasjonar i livet generelt. Motorisk kompetanse vil påverke sjølvbiletet og det sosiale livet til barn. Forklar kvifor det er slik.
  4. Ein barne- og ungdomsarbeidar skal kunne leggje til rette for og rettleie barn og unge i allsidig rørsleerfaring gjennom leik og aktivitet, inne og ute, og i ulik alder.

    1. Korleis kan du leggje til rette for varierte og utfordrande rørslemiljø som gir sanseopplevingar og moglegheit for kroppsleg leik ute og inne, i ulike aldersgrupper?
    2. Korleis kan du gi støtte til meistring?
    3. Korleis kan du bidra til at barn opplever glede og samhald i fysisk aktivitet og leik?
    4. Korleis kan du motivere barn og unge til å vere meir fysisk aktive?
    5. Kva har engasjementet, positiviteten og leikelysta di å seie for barn og unge i fysisk aktivitet?
    6. Beskriv kva rolle du har for rørslepraksisen til barn og unge inne, ute og på tur.
  5. Du jobbar i ein barnehage der barna er i alderen 3–5 år. Alle barna har sete lenge med bordaktivitetar, nokon har perla, andre har teikna. Du får ansvar for å oppmuntre barna til å vere fysisk aktive.

    1. Kva vil du gjere? Gi gjerne fleire døme.
    2. Korleis kan du vere ein god leiar for barnegruppa i denne situasjonen?
    3. Kor viktig er det at du sjølv liker den aktiviteten de skal gjere?
    4. Korleis kan du leggje til rette for sjølvbestemming?
    5. Korleis legg du situasjonen til rette slik at barna føler at dei lykkast?
    6. Kva gjer du viss eitt eller fleire barn misliker den aktiviteten du har planlagt?
  6. For mykje stillesitjande aktivitet som å sjå på TV, spele data eller andre spel, sitje med mobilen, lese eller drive med ulike bordaktivitetar kan ha negativ innverknad på helsa til barn og unge. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar erstatte noko av den stillesitjande aktiviteten med annan aktivitet i SFO eller i ein fritidsklubb?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

Motorisk utvikling