Oppgåve
Fysiske omgivnader
Det fysiske miljøet har mykje å seie for moglegheitene barn og unge har til å vere fysisk aktive. I desse oppgåvene skal du undersøke ulike fysiske miljø og teikne og beskrive omgivnader som gir moglegheiter for motorisk læring og utvikling.
Filmen frå Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet viser at motorisk utvikling og læring skjer gjennom eit samspel mellom barnet sjølv, oppgåvene som skal utførast, og omgivnadene oppgåva skal utførast i. Det fysiske miljøet inne og ute må vere utfordrande og tilrettelagt for aldersgruppa.
- Teikn og beskriv det fysiske miljøet slik du meiner det bør utformast.
- Vel deg ein institusjon: barnehage, skule/SFO, fritidsklubb eller barnebustad.
- Teikn ei skisse over det fysiske miljøet. Her er det lurt med to teikningar: innemiljø og utemiljø.
- Beskriv kva for nokre grunnleggande rørsler barna får stimulert på dei ulike stadene i det fysiske miljøet.
- Utforsk miljø der barn og unge oppheld seg i kvardagen.
- Vel deg ein institusjon: barnehage, skule/SFO, fritidsklubb eller barnebustad. Besøk denne institusjonen. De kan gjerne besøke ulike institusjonar.
- Sjå på innemiljøet og utemiljøet.
- Skriv ned kva barna gjer, og kva for nokre grunnleggjande rørsler du meiner inne- og utemiljøet stimulerer. Ver konkret!
- Diskuter i klassen kva omgivnadene har å seie for læring av motoriske ferdigheiter.