Oppgåve
Ulike fysiske aktivitetar
Det er fint å ha eit eige lite repertoar av aktivitetar. I desse oppgåvene skal du finne fysiske aktivitetar som passar til den motoriske utviklinga til barn i ulik alder. Hugs at rørsle skal vere gøy, og det å oppleve meistring er viktig!
Ta utgangspunkt i den motoriske utviklinga til barn og unge i dei ulike aldersgruppene 1–3 år, 3–6 år, 6–12 år og 12–18 år.
Lag ei oversikt over aktivitetar som inneheld dei grunnleggjande rørslene i dei ulike aldersgruppene. Skriv kva for nokre motoriske evner aktivitetane stimulerer.
- Finn varierte aktivitetar, slik at aktivitetane til saman stimulere fleire og ulike grunnleggjande rørsler innanfor dei ulike aldersgruppene.
- Aktivitetane skal vere slik at barna i kvar aldersgruppe får tilstrekkeleg utfordring, samtidig som dei opplever meistring.
- Finn minst tre aktivitetar i kvar aldersgruppe.
- Kvar aldersgruppe må òg ha ei øving/aktivitet for avspenning/kvile til slutt.
- Gjennomfør aktivitetane i klassen.
- Besøk gjerne ein barnehage, skule/SFO, fritidsklubb eller inviter barn eller unge til skulen dykkar for å prøve ut aktivitetane saman med barna. Du kan òg prøve ut aktivitetane dine i praksis.