Leik og aktivitet i naturen
Rørslemoglegheitene ute i naturen er mange og ulike. Barn og unge kan krabbe, krype over og under greiner og buskar, tre med låg greinsetjing kan bli gode klatretre. Bergknausar blir utfordrande klatresteinar, vi kan klatre opp på og hoppe ned frå stubbar, og vi kan manipulere, kaste og fange lausmateriale som kongler og pinnar. Vi kan balansere på steinar, røter og stokkar. Laust materiale som pinnar, stokkar, stein og mose kan byggjast med og saman med buskar bli til hytter og andre kreative konstruksjonar. Opne sletter inviterer til springe- og fangeleiker og til meir vilter leik. Variasjonar i naturen med skiftande klima og ulike årstider gir ulike motoriske utfordringar som barna lærer å meistre (Fjørtoft, 2018).
Besøk eit naturområde i nærmiljøet ditt. Her skal du vurdere og beskrive moglegheitene for motoriske rørsle i området. Ta gjerne bilete/video som du kan nytte til dokumentasjon/framlegg for resten av klassen etterpå.
- Kva sanseopplevingar gir området? (Syn, høyrsel, lukt, smak, føle/ta på, balanse og stilling.)
- Kva rørslemoglegheiter er det i området? Ver konkret om dei grunnleggjande rørslene: krabbe/krype/åle, gå, springe, hoppe/hinke, klatre, kaste/fange, snurre, rulle, balansere og så vidare.
- Kva moglegheiter for fysisk rørsle og utvikling av motoriske ferdigheiter er det for dei ulike aldersgruppene 1–3 år, 3–6 år, 6–12 år og 13–18 år?
- Kva moglegheiter gir området for leik, glede og humor?
- Kva moglegheiter gir det for vilter leik?
- Kva moglegheiter gir området for å vere nysgjerrig og kreativ?
- Kva spenningsopplevingar meiner du området gir?
- Korleis kan du leggje til rette for at barn og ungdom opplever meistring og glede ved å vere i rørsle i naturen?
- Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar inspirere barn til leik og allsidige rørsler i dette området? Beskriv kva du vil gjere, korleis du vil gjere det, og kvifor du vil gjere det på den måten. Vel sjølv aldersgruppe.
- Korleis kan naturen stimulere den motoriske utviklinga til barn og unge?