Motorisk utvikling
Barn deltek i kvardagslivet gjennom kroppslege handlingar. For å meistre utfordringane i kvardagslivet er barn avhengige av å ha ein viss generell motorisk kompetanse. Motorikk er dei viljestyrte rørslene og rørsleevnene til kroppen og musklane. Motorikken blir kontrollert av hjernen og blir styrt gjennom eigne nervar. Motorisk kompetanse beskriv evna til å gjennomføre ulike kroppslege rørsler. Denne kompetansen er viktig for å kunne meistre praktiske oppgåver, og han har betyding for det fysiske aktivitetsnivået.
Barne- og ungdomsåra er kjenneteikna ved store endringar i kroppsleg og psyko-sosial vekst og utvikling, der både fysiologiske og nevrobiologiske faktorar, motoriske kompetanse og sjølvbilete blir utvikla. Positive meistringsopplevingar med fysisk aktivitet og samspelet med andre barn og unge under fysisk aktivitet kan bidra til å styrkje sjølvbiletet til barn.
Fysisk og motorisk utvikling er ein livslang forandringsprosess som omfattar rørsleåtferd og rørsleferdigheiter, storleiken, forma og proporsjonane til kroppen. Dei fysiske og motoriske forandringane er knytte til bestemde livsfasar, men dei er ikkje bestemde av desse fasane.
Utviklingsprosessen blir driven fram i eit samspel mellom barnet sine eigne genetiske anlegg (modning og vekst) og ytre forhold (miljøpåverknad og sosialisering). I tillegg har handlings- og erfaringsmoglegheitene barnet opplever i miljøet rundt seg, mykje å seie.
Barn er ulike, og utviklinga er individuell. Det er derfor stor variasjon i den normale utviklinga til barn, og det er det viktig å vere klar over. Utviklinga kjem an på dei medfødde eigenskapane til barnet og tidlegare erfaringar. Nokon vil vere tidlegare enn gjennomsnittet, andre litt seinare.
Grunnleggjande rørsler er til dømes å krype, krabbe, sitje, reise seg, stå, gå, springe, hoppe, hinke, klatre og kaste. Utviklinga av desse ser ut til å gå føre seg i ei bestemd rekkjefølgje: frå å krype til å gå, springe og hoppe. Desse ferdigheitene følgjer gjerne etter kvarandre, der ei tidlegare ferdighet er ein føresetnad for utviklinga av den neste. Det gjeld ikkje for alle, men utvikling byggjer på det barnet har lært tidlegare.
Tidlegare meinte ein at utviklinga skjedde etter kvart som nervesystemet modna. I dag har nyare forsking vist at både nervesystemet og rørsleapparatet må bli stimulert for at utvikling og læring skal gå føre seg. Å vere i aktivitet og i rørsle vil ha betyding for utvikling av den motoriske kompetansen til barn.
Det er viktig for barnet å lære seg grunnleggjande rørsler og kroppskontroll. Barn "trenar" heile tida på å meistre å røre kroppen i kvardagsaktivitetar og leik. Dei held på til dei får det til. Når dei meistrar ei utfordring, vil dei søkje nye utfordringar som trenar opp grunnmotorikken. Barn utforskar kvalitetar på rørslene gjennom dei erfaringane dei gjer, slik som snøggleik, kraft, uthald og rørsleevne. Å leggje til rette for allsidig aktivitet der barnet får røre seg i varierte omgivnader, påverkar den fysiske og motoriske utviklinga til barnet.
Det er viktig å vere klar over at motoriske ferdigheiter, som alle andre ferdigheiter, alltid kan lærast og blir utvikla og forbetra. Det kjem an på kor mykje dei blir stimulerte.
Koordinasjon er evna til å samordne kroppsrørsler med kvarandre og til omgivnadene. Det er samspelet mellom sansar, nervar og musklar i éi rørsle. Dei koordinative eigenskapane er balanse, rytme, reaksjonsevne, rom-orientering, tilpassa kraft og innsats og koordinasjon mellom auge–hand eller auge–fot. Desse eigenskapane er grunnelement i alle rørsler og dannar basis for læring av nye rørsler.
Ein barne- og ungdomsarbeidar treng å vite noko om det gjennomsnittlege motoriske utviklingsforløpet for å møte utviklingsprosessane til det enkelte barnet og barnegruppa. Då kan du leggje det pedagogiske innhaldet til rette slik at barna får handlings- og erfaringsmoglegheiter som bidreg til den motoriske utviklingsprosessen. Kva oppgåver og materiell du bringar inn, og korleis du legg det fysiske og sosiale miljøet til rette, har betyding for moglegheitene til barn til å utvikle dei motoriske ferdigheitene sine.
Utfordringar til deg
- Kva er motorisk utvikling?
- Kva påverkar den motoriske utviklinga?
- Kvifor har barn og unge ulike utviklingsforløp?
- Kva treng du kunnskap om for å kunne stimulere den motoriske utviklinga til barn og unge?
Fjørtoft, I., Kjønniksen, L. & Støa, E. M. (2018). Barn – unge og fysisk aktivitet. Operasjonalisering av anbefalingene om fysisk aktivitet og stillesitting for barn og unge i alderen 0–18 år. https://openarchive.usn.no/usn-xmlui/bitstream/handle/11250/2578038/2018_12_fjortoft.PDF
Mjaavatn, P. E. & Fjørtoft, I. (2008). Barn og fysisk aktivitet – med hovedvekt på aldersgruppa 0–16 år. Informasjon og veiledning til foreldre og andre voksne. https://bibliotek.bufdir.no/buf/101/barn_og_fysisk_aktivitet.PDF
Moser, T. & Storli, R. (2014). Fysisk og motorisk utvikling. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 100–126). Fagbokforlaget.