Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag hinderløyper

Hinderløyper er morosame og utfordrande for alle. Det er ein type aktivitet som utfordrar motorikken og dei grunnleggjande rørsleferdigheitene på ein god måte. Vi kan tilpasse dei til nivået til barna. Ho kan varierast og du kan òg setje inn i dramatiske forteljingar og musikk til hinderløypa.
Ei jente balanserer på ein smal planke ute i naturen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Jobb saman i grupper. Sjå gjerne filmane i relatert innhald til inspirasjon.

  1. Lag ei hinderløype i klasserommet av utstyr de har tilgjengeleg og som gir moglegheiter for å nytte dei grunnleggjande rørslene (gå, krabbe/krype/åle, hoppe, rulle, fange/kaste og så vidare). Gjennomfør hinderløypa saman med resten av klassen.
    1. Vart hinderløypa slik de hadde tenkt dykk? Kva vil de eventuelt endre til neste gong?
    2. Kva for nokre motoriske evner fekk medelevane stimulert i denne hinderløypa?
  2. Lag ei hinderløype med dramatisering. Lag ei historie der de må over visse hinder for å kome dit de vil. Historia kan til dømes vere i skogen, i jungelen, på stranda eller på ei aude øy. Rør dykk som ulike dyr. Legg gjerne inn songleiker eller bruk musikk. Skap spenningsmoment. Ver kreativ! Gjennomfør hinderløypa med dei andre i klassen.
    1. Kva har innleving og engasjement hos dei vaksne å seie når ein gjennomfører dramatisering av ei hinderløype?
    2. Kva for nokre motoriske ferdigheiter blir stimulerte i denne hinderløypa?
    3. Kva har glede og moro å seie i rørsleaktivitetar?
  3. Lag ei hinderløype ute som utfordre balanse, koordinasjon og styrke. De må lage minst seks hinder. Sjå om det er naturlege hinder de kan nytte. Finn de noko å klatre på? Hoppe over? Balansere på? Noko å kaste med, ein blink? Ver kreative. Film hinderløypa.
  4. Inviter barn frå ein barnehage eller SFO. Lag ei hinderløype, inne eller ute, som er tilpassa utviklinga til barna.

    1. Lag ein plan for aktiviteten. Kva skal de gjere, korleis vil de gjere det, og kvifor vil de gjere det på den måten?
    2. Gjennomfør aktiviteten saman med barna.
    3. Evaluer aktiviteten etterpå. Kva gjekk bra? Kva kunne de eventuelt ha gjort annleis? Kva for nokre motoriske erfaringar fekk barna? Opplevde barna glede ved å delta?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

Motorisk utvikling