Hopp til innhald

Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)

Utvikling, læring og motivasjon

I alle institusjonar ein barne- og ungdomsarbeidar kan jobbe ved, vil det å stimulere til utvikling og læring vere ein vesentleg del av arbeidet. For å kunne gjere dette må du ha kunnskap og kompetanse om kva som gir barn gode utviklings- og læringsvilkår.

Utviklinga til barn og unge

Utviklinga til barn og unge heng saman med barnet sjølv, miljøet til barnet og moglegheitene barnet har til å delta i ulike handlingar. Det er viktig å vere klar over at barn er ulike og at utviklinga er individuell. Det er naturleg med store skilnader mellom barn på alle utviklingsområda.

Læringsressursar

Utviklinga til barn og unge