Hopp til innhald

Fagstoff

Bronfenbrenners modell

Urie Bronfenbrenners utviklingsøkologiske modell forklarer utvikling og vekst som ein gjensidig påverknadsprosess mellom individ og miljø. Barn inngår i sosiale og kulturelle samanhengar som dei påverkar og blir påverka av. Utviklinga og sosialiseringa blir prega av dei ulike miljøa rundt barnet.
Fire sirklar utanpå kvarandre med personar og gjenstandar plasserte på forskjellige stader. Under er det ein grøn pil mot høgre der det står "Kronosystemet (tid)". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utviklingsøkologisk modell

Urie Bronfenbrenner (russisk-amerikansk psykolog) utvikla ein utviklingsøkologisk modell ut frå kva han meinte var viktig for utviklinga og sosialiseringa til mennesket. Han meinte at miljøet vi veks opp i, er samansett av fire samanhengande nivå. Han la seinare til eit femte nivå. Desse nivåa organiserte han i ei rekkjefølgje basert på kor mykje innverknad dei har på eit barn.

Dei sosiale og miljømessige faktorane i miljøet du veks opp i, påverkar deg og utviklinga di. Modellen forklarer korleis faktorar på mange ulike nivå har betyding for utvikling og sosialisering. Bronfenbrenner var oppteken av at det var ein samanheng både mellom dei ulike nivåa og internt i nivåa, og at denne samanhengen har betyding for veksten og utviklinga til barn.

Vi blir påverka på mange nivå

Åtferda til menneske blir påverka på mange nivå, både mellom individ og utanfor kontrollen til individet. På nasjonalt nivå (makronivået) kan politikarar lage regelverk og til dømes bestemme kor mykje pengar barnehagar og skular/SFO skal få til drift og utstyr, leiker og moglegheiter til aktivitetar og liknande. Dei bestemmer òg kor mange tilsette det skal vere i barnehage og skule/SFO, og kva utdanning desse skal ha. Alt dette har innverknad på moglegheitene til vekst og utvikling for barna. Dermed gir modellen oss ei forståing av at det er naudsynt å leggje til rette forhold både i nærmiljøet og i storsamfunnet for å oppnå vekst og utvikling.

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du kan vere grunnen til at Urie Bronfenbrenner kalla modellen sin utviklingsøkologisk?
  2. Kva personar er på mikronivået ditt?
  3. Kva typar opplevingar trur du kan påverke eit barn gjennom heile livet?
  4. Kva har føresegner i lovverk å seie for veksten og utviklinga di?

Kjelde

Tetzchner, S. von. (2020). Utviklingspsykologi (2.utg). Gyldendal.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2022

Læringsressursar

Utviklinga til barn og unge