Min utviklingsøkologiske modell
Kven er du?
Kva heiter du?
Kor gammal er du?
Kva er kjønnet ditt?
Beskriv helsetilstanden din (fysisk og psykisk)
Kvar bur du?
Korleis er nabolaget ditt?
Kven er venene dine?
Kven er i familien din?
mor, far, søsken, besteforeldre, andre slektningar, andre nære familiar, indre buforhold, ytre buforhold, økonomien din og familien din sin, andre viktige personar
Institusjonar
arbeidsplass til foreldre eller føresette, arbeidsplassen din, skulen, fritidsaktivitetar, kyrkjesamfunn, idrettslag og liknande
Sosiale medium som du nyttar.
Eventuelt anna som er på mikronivået ditt.
Kva normer, verdiar, skikkar og tradisjonar er du vakse opp med?
På mesonivået ser du på korleis dei ulike arenaene i mikronivået speler saman, og korleis det påverkar deg. Beskriv korleis forholdet er mellom dei følgjande:
føresette og skulen
føresette og vener
vener og skulen
føresette og arbeidsplassane deira
føresette og fritidsaktivitetane dine
venene dine og arbeidsplassen din
venene dine og fritidsaktivitetane dine
fritidsaktivitetane dine og skulen din
fritidsaktivitetane dine og arbeidsplassen din
eventuelt anna
På eksonivået finn du dei arenaene som du som regel ikkje er i direkte kontakt med, men som likevel påverkar deg. Nokre døme er PPT, BUP og barnevernstenesta. Kva arenaer tenkjer du påverkar deg indirekte?
arbeidsplassen til foreldre/føresette
kva for nokre kommunale tilbod du tek i bruk
kommuneøkonomien
kva for nokre private tilbod du tek du i bruk
kva for nokre statlege tilbod du tek du i bruk
kollektivtrafikk
eventuelt anna
På makronivået ligg verdisett, tradisjonar, økonomiske forhold, klassestrukturar, kultur og nasjonale ideologiar. Det inkluderer lovverk og politikk. Faktorar på dette nivået vil påverke alle dei andre nivåa (mikronivå, mesonivå og eksonivå). Beskriv korleis du blir påverka av det følgjande:
politiske system
helsevesen
utdanningssystem, læreplanar
rettsvesen, lover
norske tradisjonar
norske trussystem
Krononivået blir av og til inkludert i modellen og handlar om tidsdimisjonen i livet ditt. Det kan vere at du har opplevd noko som alltid vil følgje deg gjennom livet ditt. Til dømes skilsmissa til foreldre, dødsfall i nære relasjonar, krig, flukt, pandemiar, skulereformer, helsereformer.
Kva har du opplevd i livet ditt som alltid vil vere ein del av livshistoria di?
Lag ei tidslinje og set inn dei ulike hendingane.