Kva relasjonar har å seie for utviklinga til barn
Robert Pianta (amerikansk psykolog) opererer med seks sentrale utviklingsmessige fasar eller tema som barnet utviklar seg gjennom. Utviklinga gjennom desse fasane er viktig for tilpassinga til barnet, både emosjonelt, sosialt og kognitivt. Sentralt i alle fasane, og avgjerande for ei sunn utvikling, er samspelet og gode relasjonar mellom barnet og omsorgspersonar og vener.
I den første delen av livet til barnet er omsorgspersonar i heimen, i barnehagen og på skule/SFO svært viktige for barnet og for utviklinga til barnet. Med tida blir vener og venerelasjonar stadig viktigare for utviklinga til barnet, slik det kjem fram i den femte og sjette fasen.
Denne teorien er basert på barnets medfødde eigenskapar, men samtidig avheng utviklinga til barnet av eit fint og sensitivt samspel med barn og vaksne som barnet er knytt til. Den gode relasjonen mellom barnet og omsorgspersonar og vener er avgjerande for ei sunn utvikling.
Første fase
Den første fasen er dei seks første månadene i livet til barnet. Denne fasen dreier seg om at barnet og den ytre verda tilpassar seg kvarandre. Omsorgspersonane bidreg til reguleringa til barnet, ut frå behova til barnet. Dei må vere påpasselege med å regulere dei fysiologiske behova til barnet. Det gjeld til dømes veksling mellom søvn og vaken tilstand, mellom mat og kvile og aktivisering. Den viktigaste oppgåva til omsorgspersonane eller foreldra blir å regulere og justere seg etter behova til barnet, slik at barnet får ein mjuk overgang frå mors liv til den ytre verda.
Andre fase
Denne fasen startar når barnet er omtrent seks månader. Denne fasen blir prega av den emosjonelle tilknytingsprosessen mellom barnet og nære omsorgspersonar. Det dreier seg om at barnet dannar spesielle relasjonar til dei nære omsorgspersonane sine. Desse relasjonane er avgjerande for barnet her og no, fordi dei hjelper barnet til å kjenne igjen kven som er tilgjengelege når det treng trøyst og hjelp.
Denne tidlege tilknytinga dannar ei slags første erfaring for seinare relasjonar, fordi ho gjer at barnet utviklar mentale forventningar til nye relasjonar. Dersom barn har trygg tilknyting i denne alderen, vil det vere lettare å danne trygge, tillitsfulle relasjonar med andre seinare i livet. Opplever barn ei utrygg tilknyting, kan det få problem med å etablere og behalde trygge, tillitsfulle relasjonar seinare i livet.
Tredje fase
Denne fasen strekkjer seg frå det andre leveåret til barnet og oppover. Denne fasen dreier seg om barnet sitt arbeid med utvikling av sjølvstende og autonomi (sjølvbestemming). Tema som er aktuelle for barnet no, er eiga meistring, problemløysing, uthald og motivasjon. Ytringar som "kan sjølv" og "eg vil" er karakteristiske for denne fasen. Barn som har trygg tilknyting, tek i bruk andre når dei treng hjelp, og dei utviklar seg på ein trygg måte gjennom denne fasen. Ei trygg utvikling gjennom denne fasen er knytt til å lykkast fagleg i seinare utviklingsstadium.
Fjerde fase
Denne fasen omfamnar førskulealder og litt inn i tidleg skulealder. Perioden blir prega av at barnet aukar evna si til å ordne og samordne miljømessige og personlege ressursar. Fasen blir prega av utvikling av sosial kompetanse og venskapsbygging med jamaldringar. Barnet vil i aukande grad ta i bruk teikn, omgrep, idéar og indre bilete for å kommunisere med andre. Det gir barnet større moglegheiter for å formidle kjensler og idéar til andre.
Sjølvreguleringsferdigheiter som blir danna i denne fasen, er avgjerande for sjølvkontroll, venskap og forventa åtferd, og dei gjer det lettare å fungere sosialt. Denne sjølvreguleringa vil òg vere viktig for seinare læring og meistring.
Femte fase
I denne fasen er barnet i slutten av førskulealderen eller i dei første trinna i barneskulen. Temaet i denne fasen handlar om å opprette effektive relasjonar til jamaldringar, altså det å få og behalde vener. Barnet si evne til å danne venskap er avgjerande for den sosiale meistringa til barnet. Dei tidlegare erfaringane til barnet med relasjonar speler ei rolle for utvikling av denne evna. Gjennom vener blir barnet utfordra på sitt eige nivå gjennom leik og konkurranse. Her må barnet forhandle om reglar, ta ulike roller i leik og byte på tur. Å vere inkludert blant vener i barnehagen er ein forløpar for god tilpassing på skulen, både sosialt og fagleg. Barn som fell utanfor det sosiale samspelet allereie i barnehagen, har lettare for å falle utanfor det sosiale samspelet i barneskulen.
Sjette fase
Denne fasen varer frå barneskulealderen og ut ungdomstida. Temaet i denne fasen dreier seg om at barnet dannar ei oppleving av seg sjølv, ei oppleving av eigen identitet. Barnet eller ungdommen arbeider med å danne sjølvkontroll og utviklar evna til å nytte abstrakte symbol og omgrep. Dette fører til at barnet no viser stadig meir moden åtferd og evne til å kommunisere og samhandle med omverda på ein meir vaksen og aktiv måte. I denne fasen lausriv barnet seg meir frå foreldra, og vener bli meir og meir viktige.
Trygge relasjonar kan fungere både førebyggjande og reparerande. Gode, varme og forståingsfulle relasjonar gir best moglegheit til vekst og utvikling. Når barn opplever at vaksne er til stades for dei og vil støtte dei – òg når vanskelege situasjonar oppstår – blir det skapt ein grunnleggjande relasjonell tryggleik som er gunstig for utfoldinga og læringa til barnet. Dei opplever eit trygt og sjenerøst klima for prøving og feiling. Dermed får dei nytta energien sin på å lære, framfor å bli tappa av energi på grunn av bekymringar og frykt. Gode relasjonar bidreg òg til å gi barn eit mentalt bilete av seg sjølv i relasjon til andre, noko som kan styrkje dei i den vidare utviklinga deira.
Forsking dokumenterer den avgjerande betydinga av gode relasjonar mellom førskulelærar/lærar/barne- og ungdomsarbeidar og barnet. Ein studie viser at ein mangelfull relasjon mellom omsorgspersonar og barnet i barnehagen var relatert til nedsett fagleg og åtferdsmessig fungering heilt til ungdomsskulealder. Andre studiar har funne at ein god relasjon mellom barn og omsorgspersonar i barnehagen bidrog til ei gunstig åtferdsmessig utvikling.
Utfordringar til deg
Som barne- og ungdomsarbeidar blir du ein viktig omsorgsperson for barn og unge, som på mange måtar legg til rette for den emosjonelle og kognitive utviklinga til barnet.
Kva tenkjer du om det?
Kvifor er det slik?
- Kvifor har gode relasjonar så mykje å seie for utviklinga til barnet?
- Korleis kan du vere ein god omsorgsperson og skape gode relasjonar til dei barna og unge du skal arbeide med?
Størksen, I. (2007). Barnet i barnehagen. Reasjoners betydning for tidlig utvikling. https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/bitstream/handle/11250/185248/artikkel.PDF?sequence=6&isAllowed=y