Utviklingspsykologi og transaksjonsmodellen - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Utviklingspsykologi og transaksjonsmodellen

Utvikling er ein prosess, og vi utviklar oss heile livet. Utviklingspsykologien prøver å beskrive korleis vi endrar oss med alderen både sosialt, mentalt og i handlingar. Han beskriv òg kva prosessar og forhold som påverkar desse endringane.

Utvikling og utviklingspsykologi

Når noko endrar seg, kallar vi det utvikling. Når det gjeld utviklinga til mennesket, ser vi på endringar i strukturen og fungeringa til mennesket. Denne utviklinga kan vi sjå som eit resultat av eit samvirke mellom biologiske faktorar (medfødde eigenskapar), psykologiske tilstandar og forhold i omsorgsmiljøet. Vi tilpassar oss miljøet, samtidig som miljøet gjer utvikling mogleg.

Utviklingspsykologien prøver å beskrive korleis vi endrar oss med alderen både sosialt, mentalt og i handlingar. Han beskriv òg kva prosessar og forhold som påverkar desse endringane. Det dreier seg om korleis barn oppfattar verda, føler, tenkjer og formar relasjonar med føresette og andre.

Føremålet med utviklingsteoriar er å gi kunnskap om utviklinga til menneske og dei drivkreftene som ligg bak. Utviklingspsykologiske teoriar har utspringet sitt i ulike vitskaplege metodar. Ulike teoretikarar har òg valt seg ut ulike forhold som dei meiner er særleg viktig for å forstå utviklinga til mennesket.

Transaksjonsmodellen

Når vi skal prøve å forstå og forklare utvikling, må vi sjå på prosessane som fører til endring. Forståing av kva prosessar som fører til endring, gir eit godt grunnlag for å leggje til rette for tiltak som kan stimulere utviklinga. Spesielt er dette viktig med tanke på barn som kan vere sårbare for å få ei avvikande utvikling.

For at vi skal forstå prosessane og vilkåra som formar utviklinga til eit barn, kan transaksjonsmodellen vere til god hjelp. Modellen har utspringet sitt frå mellom anna Vygotsky og Bronfenbrenner. Modellen vart første gong utarbeidd i 1975 av Arnold Sameroff.

Kva er transaksjonsmodellen?

Transaksjonsmodellen beskriv korleis barnet og miljøet påverkar kvarandre gjensidig over tid. Vi kallar det ein gjensidig påverknadsprosess. I tillegg til forhold hos barnet sjølv (barnets medfødde eigenskapar) og forhold i omsorgsmiljøet vil forholdet mellom omsorgsmiljøet og barnet ha betyding for utviklinga til barnet. Det betyr at barnet og omgivnadene formar og utviklar seg saman. Barnets eigenskapar påverkar åtferda til vaksne, og åtferda til vaksne påverkar barnet. Barnet både påverkar og blir påverka av omgivnadene sine.

Dersom eit barn i barnehagen der du jobbar, græt mykje, kan det påverke deg. Du kan bli usikker og møter då barnet med uvisse. Dette merkar barnet som då blir meir usikker, noko som igjen påverkar deg. Det skjer ein transaksjon, ei overføring. Verkar de begge som usikre, kan det påverke miljøet rundt dykk som òg blir usikre. Både vener, barnehage, skule og resten av samfunnet speler ei viktig rolle i utviklinga til barn. Alle bidreg til utviklinga til barnet i eit kontinuerleg samspel. Vi må derfor sjå på heile omsorgsmiljøet for å forstå utviklinga til barn.

Vaksne sitt ansvar

Barn som veks opp med omsorgspersonar som er tilgjengelege og imøtekomande og lèt barnet få utforske verda samtidig som dei vernar og passar på, står betre rusta enn barn som opplever at omsorgspersonane ikkje ser behova deira. Tryggleikssirkelen er eit døme på korleis du kan ta vare på utviklinga til barn og unge på ein god måte ved å vere i ein relasjon prega av tryggleik, ømheit og kjærleik.

Utviklingspsykologiske område

Ei transaksjonell forståing av utviklinga til barn får konsekvensar for det praktiske arbeidet ditt med barn. Som barne- og ungdomsarbeidar blir òg du ein del av miljøet til barn og unge, og du har derfor betyding for utviklinga deira gjennom veremåten din, handlingane dine og reaksjonane dine. Du skal òg leggje til rette for aktivitetar som stimulerer til vekst og utvikling.

Det er viktig at vi som jobbar med barn og unge, har ei heilskapleg tilnærming til å forstå utviklinga til barn. Det inneber at vi forstår at alle utviklingsområda er like sentrale i utviklingsprosessen. Likevel er det nyttig å ha kjennskap til dei ulike utviklingsområda:

  • motorisk utvikling – korleis barnet rører seg, grov- og finmotorikk, korleis kroppen veks og blir utvikla
  • kognitiv utvikling – korleis tenkinga til barnet utviklar seg
  • emosjonell utvikling – korleis kjenslene utviklar seg
  • sosial utvikling – korleis vi utviklar oss saman med andre
  • språkutvikling – korleis språket blir danna og utvikla
  • seksuell utvikling – korleis barn utforskar seksualiteten sin
  • utviklinga av hjernen – korleis hjernen fungerer i ulike samanhengar

Ved å bli kjend med dei ulike utviklingsområda hos barn og unge vil du òg få kunnskap om korleis barn utviklar seg innanfor eit område. Det er viktig at du har ei forståing av at utvikling er individuell, og at du tenkjer på heile mennesket. Stimulering på eitt område vil gi positive fungeringar òg på eit anna område.

Kunnskapen du tileignar deg om dei ulike utviklingsområda, kan bidra til at du kan stimulere utviklinga slik at det hindrar negativ utvikling hos barn.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor må du kunne noko om utviklingspsykologi?
  2. Korleis kan kunnskapen din om utviklinga til barn og unge bidra til å hindre negativ utvikling?
  3. Kva betyding tenkjer du at veremåten din, handlingane dine og reaksjonane dine har for utviklinga til barn og unge?

Kjelder

Imsen, G. (2020). Elevenes verden. Innføring i pedagogisk psykologi (6. utg.). Universitetsforlaget.

Tetzchner, S. von. (2020). Utviklingspsykologi (2. utg.). Gyldendal Akademiske.

Skrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2021