Utviklingspsykologi i endring
Nyare forsking på utviklinga til barn har bidrege til at vi har fått eit anna syn på denne utviklinga enn vi hadde tidlegare. Synet i samfunnet på barn blir òg endra. Tidlegare såg ein på barn som objekt og gjenstand for einsidig påverknad. I dag ser vi på barn som subjekt og unike individ som sjølv påverkar si eiga utvikling.
Tidlegare var det ei generell oppfatning at barn utvikla seg i stadium og etter bestemde skjema i eit lineært system. I tillegg meinte ein at utvikling hang saman med modning. Nyare forsking har gitt oss kunnskap om at utviklinga til barnet er meir kompleks og omfattar både biologi, nevropsykologi og miljøfaktorar som verkar saman i eit avansert system i den sosiale og kulturelle samanhengen til barnet.
Tidlegare teoriar
Tidlegare teoriar om utviklingspsykologi har fått mykje kritikk, og nyare forsking har motbevist desse teoriane. Dei tidlegare teoriane om utviklingspsykologi vart utforma i det førre hundreåret og verka universelle, altså at dei var felles og gjaldt for alle. Oppfatninga då var at utviklinga til barn var bestemd på førehand av gen, og at utvikling hang saman med modning. Alle måtte gjennom eitt gitt stadium for å nå det neste utviklingstrinnet, i ei fast rekkjefølgje, som å klatre på ein stige. Desse teoriane bygde på eit syn om at barn var skrøpelege, utviklingsstadium var målestokken, og utviklingssynet var statisk. Barn vart sett som ei gruppe og som noko uferdig, ikkje som unike individ. Ein vart derfor meir oppteken av finne ut kva barn ikkje kunne, enn kva dei kunne.
Teoriar i dag
I dag har nyare forsking gitt oss kunnskap om at utvikling er kompleks. Det vil seie at utviklinga er samansett av mange enkeltdelar eller element, ho er ein mangesidig prosess. Det betyr at vi i dag tenkjer at utvikling omfattar både biologi, nevropsykologi og miljøfaktorar som verkar saman i eit avansert system i den sosiale og kulturelle samanhengen til barnet. Utvikling skjer i samanheng med barnet og det miljøet og omgivnadene barnet er i, samtidig som barnet sjølv er ein aktør i si eiga utvikling.
Vi ser barn som subjekt med kompetanse, og vi må sjå dei som sjølvstendige aktørar som bidreg i utviklinga. I utviklinga til barna er det store og individuelle variasjonar, både internt i ei gruppe og mellom ulike grupper. Det får konsekvensar for det praktiske arbeidet. Vi kan ikkje tilby same opplegg og stimuli til barn med tilnærma same vanskar. Vi må behandle kvart enkelt barn for seg og studere ressursane, disposisjonane og miljøet til barnet for seg.
I dag blir utviklinga til barn i større grad forstått som noko som skjer gradvis og i sprang, og noko vi ikkje kan sjå som berre føreseieleg. Vi må sjå utviklinga til barnet i den konteksten og tradisjonen utviklinga skjer i.
Forsking viser oss at utviklinga til mennesket ikkje er bestemd på førehand verken biologisk eller miljømessig. Det betyr at vi kan påverke utviklinga i stadig nye og betre retningar. Vi kan sjå utvikling som ein livslang prosess som ikkje på noko tidspunkt blir låst i bestemde mønster. Vi ser likevel at det er spesielle periodar der barna er særleg sensitive for å lære språk og lære seg å gå, såframt dei opplever ei viss grad av stimuli. Men det betyr ikkje at desse områda ikkje kan stimulerast seinare. I dag ser vi at vi kan forbetre skeivutvikling ved å gjere endringar, slik at det kan gi ei ny retning til utviklinga til barnet. Vi kan med andre ord hjelpe til og stimulere for å rette opp det som har gått litt "skeivt".
I dag veit vi òg at andre enn foreldre har stor innverknad på utviklinga til barnet, særleg på nokre utviklingsområde. Å vere saman med jamaldringar viser seg å ha betyding når det gjeld kommunikative og sosiale ferdigheiter. Jamaldringar vil til dømes formidle kva veremåte og kva for nokre sosiale spelereglar som er gyldige og aksepterte i samfunnet, på ein meir tilpassa måte enn foreldre og andre vaksne gjer.
Som barne- og ungdomsarbeidar har du ei viktig rolle for utvikling, læring, oppseding, sosialisering og danning for barnet. Kva rolle du tek, og kva du legg vekt på i samspelet med barna, har noko å seie for utviklinga til barnet.
I dag blir det tilrådd at menneske som arbeider med barn og unge, tek ei omsorgsfull rolle ved å gi barnet mykje varme og kjærleik, og samtidig stiller realistiske krav til barnet. Barn treng observante vaksne med kunnskap og kompetanse om kva som gir barn gode utviklings- og læringsvilkår.
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du drive førebyggjande arbeid og så tidleg som mogleg oppdage barn som treng særskild hjelp og støtte. Men korleis kan du vite at eit barn har det godt og utviklar seg positivt? For å oppdage unormal utvikling treng du kunnskap om utviklingspsykologi generelt. Slik kan du vite når utviklinga til barnet ikkje lenger følgjer ei vanleg og forventa utvikling. Det er viktig at du er merksam på at det på alle utviklingsområde er store skilnader mellom barn. Du må òg forstå korleis ulike forhold kan bidra positivt eller negativt for utviklinga til barn.
Det er òg viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar held deg oppdatert på nyare forsking om utviklinga til barn. På den måten styrkjer du forståinga di for utviklinga til barn, og du sikrar samtidig at kunnskapen og handlingane dine er i tråd med dette.
Utfordringar til deg
- Kva betyr det at utvikling er kompleks?
- Kva har du som barne- og ungdomsarbeidar å seie for utviklinga til barnet?
- Kva betyding har det for deg i arbeidet ditt at du ser på barnet som eit likeverdig subjekt med eigne intensjonar og opplevingar?
- Korleis kan du bidra positivt for utviklinga til barn?
Glaser, V. (2014). Ulike psykologiske retninger og perspektiv. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 27–44). Fagbokforlaget.
Glaser, V., Størksen, I. & Drugli, M. B. (2014). Grunnlaget for barns utvikling. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 13–26). Fagbokforlaget.