Hopp til innhald
Oppgåve

Diskuter animasjonsfilmar

Undersøk korleis animasjonsfilmen fortel, slik vanleg film ikkje kunne ha gjort.

Sinna Mann av Anita Killi

  1. Gå saman i gruppe og diskuter korleis regissør og animatør skaper spenning ved å bruke cut-out-teknikken. Tenk på bruken av tekstil, ansiktsuttrykk og bevegelse når de diskuterer.
  2. Kva for forteljargrep bruker filmskaparane for å formidle fantasiane til Boj i filmen?
  3. Kva for fordelar har animasjonsfilm når det gjeld å nå ut til barn med eit så alvorleg tema som familievald?
  4. Vel ei scene de vil sjå litt nærmare på. Kor viktig trur de storyboardet har vore i produksjonsprosessen?

Du velger selv av Kaisa Ness

  1. Gå saman i gruppe og diskuter korleis regissør og animatør skaper spenning ved å bruke teiknefilm. Tenk på bruken av lydopptak og bevegelse når de diskuterer.
  2. Kva for forteljargrep bruker filmskaparane for å formidle kjenslene til barna i filmen?
  3. Kva fordelar har animasjonsfilm når det gjeld å behandle ekte historier frå barn?
  4. Kva tenkjer de om lydsporet i filmen? Har dialogen blitt spelt inn i forkant eller i etterkant av animasjonen?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Sinna mann

Norsk animasjonsfilm av filmskapar Anita Killi om vald i nære relasjonar. Filmen er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus.