Introduksjon
CC BY 4.0Etter å ha fullført denne læringsstien skal du:
- kjenne til nokre animasjonsteknikkar
- planleggje ein animasjon gjennom seks stadium, dokumentere og evaluere prosessen
- drøfte val av animasjonsteknikk som forteljegrep i andre sin og eigen animasjonsfilm
Punkt du kan bruke til eigenvurdering:
- Eg kan kjenneteikn på animasjonsteknikkane teiknefilm, cut-out og 3D-animasjon.
- Eg kan planleggje ein enkel animasjon med utgangspunkt i dei ulike fasane av produksjonsprosessen.
- Eg forstår og kan diskutere med andre korleis ulike animasjonsteknikkar blir brukte som verkemiddel for ulike typar bodskap.