Førehandsinnstilte effektar i After Effects
Jobb med førehandsinnstilte effektar i After Effects som du kan bruke på tekst og grafiske element.
Opne programmet. Gå til File > New > New Project.
Vel deretter Composition > New composition, og du får opp denne boksen:
Innstillingar
Vel full HD-storleik (1920 x 1080) sidan det samsvarer med storleiken på dei fleste film- og videofiler. Bruk 24 bilete i sekundet (standard for film og animasjon), og fem sekund for lengda på scenen. Bakgrunnsfargen er svart, men du kan velje ein annan farge viss du vil. Gi namn til prosjektet og trykk OK.
Innstillingane kan endrast undervegs. Ofte blir det behov for å forlenge eller forkorte varigheita på filmen, og då kan du skrive inn endringar her.
Menyen av førehandsinnstilte effektar finn du i sidemenyen til høgre eller ved å gå til Window > Effects & Presets.
Når du har oppretta ein ny komposisjon, skal du skrive inn eit ord eller namn og plassere det midt på scenen. Hent inn ein logo eller eit ikon i tillegg. Biletet som du hentar inn (File > Import) må dragast ned på tidslinja slik at det får eit eige lag. Hugs å lagre.
I Effects & Presets finn du ei mappe som heiter Animation Presets. Opne, og du vil sjå mange undermapper. Gå til Text-mappa, og vel Animate in > Fade up characters.
Du kan anten dobbeltklikke eller dra det inn på scenen oppå teksten.
No kan du sjekke animasjonen ved å gå til Preview.
Dette kan du bygge vidare på, slik at animasjonen blir meir dynamisk, altså at han blir meir levande med tanke på fart og akselerasjon.
For å finne fram til input og output må du opne ein del mapper i tekstlaget.
Gå derfor til Tekstlaget > Animator 1 > Range selector.
No er det to keyframes i tidslinja. Teksten blir heilt synleg etter to sekund, noko som gjerne kan endrast. Dra derfor keyframe nummer 2 tilbake til cirka eitt sekund. Gå deretter til grafpanelet, og legg inn ein Easy Ease. Dette vil gi ein bevegelse på inn- og utpunkt.
For å gjere teksten meir spenstig kan du no dra den blå markøren inn mot midten, som vist på biletet under. Det gjer at teksten kjem fort inn og bremsar roleg på slutten.
Animasjonen din skal no sjå slik ut:
Samanlikn dei to animasjonane dine, og sjå kva små endringar kan gjere med heile uttrykket.
Du kan no prøve ut mange ulike effektar frå Effects & Presets og manipulere tidslinja i etterkant ved å bruke grafverktøyet.
Relatert innhald
Lær å bruke førehandsinnstilte effektar i After Effects. I denne øvinga bruker du effekten Corner Reveal på tekst i ein logo.