Hopp til innhald
Fagartikkel

Animasjonsteknikkar

Animasjon handlar om å fortelje historier på ein annan måte enn med vanleg film. Fordelen med å lage animasjonsfilm er at det ikkje finst nokon grenser for kva du kan gi liv til. Teknikkane er mange.

Omgrepet animasjon kjem frå det latinske ordet animare, som betyr “å gi liv”.

Ulike teknikkar og utstyr

Dei mest vanlege animasjonsteknikkane er teiknefilm, dokkefilm, cut-out og dataanimasjon. Utover dette finst det ei rekkje eksperimentelle teknikkar, som til dømes sand, silhuett, skraping/teikning på film og pixillasjon.

Val av utstyr og programvare er sentralt for kvar produksjon. I dag er det mest vanleg å bruke dataprogram, der ein kan forme og styre bilete og bevegelsar utan stillbilete frå eit kamera. Dette blir kalla for digital animasjon. Kostnadene på produksjonar av teiknefilm har derfor gått ned. Ein animatør kan teikne og ferdigstille scenar innanfor eit mykje kortare tidsrom enn tidlegare.

Vi skal sjå litt på kva for utstyr som er vanleg å bruke innan dei ulike digitale teknikkane.

Digital todimensjonal teiknefilm

Digital todimensjonal teiknefilm er basert på den tradisjonelle teiknefilmen, men i staden for å teikne på papir blir kvar enkeltteikning teikna for hand direkte i eit animasjonsprogram ved bruk av eit digitalt teiknebrett.

Dei mest brukte animasjonsprogramma for digital teiknefilm er:

Digital cut-out

Digital cut-out er basert på tradisjonell cut-out-teknikk. Teknikken ser du er brukt i filmen Sinna Mann. Prinsippa er dei same – animasjonskarakterar blir bygde opp av ledd ein kan røre og blir animert i eit program for digital cut-out-animasjon.

Dei mest vanlege programma som blir brukte, er:

Animasjon av 3D-objekt

Tradisjonell animasjon av 3D-objekt, til dømes i dokkefilm, går som oftast føre seg ved hjelp av stop-motion-teknikk.

Den digitale 3D-animasjonen, derimot, blir framstilt i eit dataprogram som er utvikla for å lage og bevege tredimensjonal datagrafikk. Gjenstanden som skal bli animert, blir utforma som ein 3D-modell med tekstur og fargar. Deretter har du fleire moglegheiter for å få gjenstanden til å røre på seg.

For å animere eit menneske lagar du først eit skjelett som får eigenskapar etter kva det skal vere i stand til å gjere. Då kan kroppen animerast ved at animatøren rører på bein og armar, nesten som tradisjonell stop-motion-animasjon. Når scenen er ferdig, blir han «rendra» til video eller film.

Dei mest brukte programvarene er:

De første teiknefilmane

Dei første teiknefilmane blei teikna for hand på papir og reinteikna med spesialpennar på gjennomsiktige celluloid-ark. Desse arka blei deretter lagde over ein stilleståande bakgrunn og teke bilete av. Dette var ein krevjande og kostbar prosess med mange involverte i produksjonen. Walt Disney og Warner Brothers var blant pionerane.

I dag dominerer 3D-animasjonen den kommersielle animasjonsfilmproduksjonen, men du finn animasjonsfilmfestivalar i verda der både nye og etablerte regissørar og animatørar får vist fram alle typar animasjonsfilm.

Vil du lese meir:

Om animasjonsfilm på Store norske leksikon.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Sinna mann

Norsk animasjonsfilm av filmskapar Anita Killi om vald i nære relasjonar. Filmen er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus.