Hopp til innhald

Fagstoff

Produksjon av animasjon i seks stadium

Produksjonsprosessen i ein animasjonsfilm vil variere for ulike prosjekt, men det er likevel nokre stadium du må gjennom. Ettersom animasjon er ressurskrevjande, er det viktig at du tek presise steg gjennom prosessen – med klare kontrollpunkt undervegs.
Strekteikningar av datautstyr, manus, storyboard, filmrull, idèprosess og karakterer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produksjonsprosessen bak ein animasjonsfilm kan oppsummerast i 6 stadium. Stadia er baserte på produksjon av digital teiknefilm.

  1. idé og manus
  2. storyboard
  3. design og layout
  4. animatic og lyd
  5. produksjon
  6. ferdigstilling

1 Idé og manus

Idéutvikling

I første omgang må du ha ein idé og ei historie du eller de ønskjer å realisere. Det er viktig å starte med ei idémyldring, der du tenkjer gjennom følgjande:

Kva er grunnen til at denne ideen og historia bør animerast og ikkje lagast som realfilm?

Vidare må du stille deg spørsmål og diskutere med andre:

  • Korleis kan bodskapen formidlast på best mogleg måte?
  • Kva for animasjonsteknikk skal du bruke?
  • Kva kjenneteiknar karakterane?
  • Kva for lydspor trengst? Skal det vere forteljarstemmer, dialog, musikk og/eller lydeffektar?

Skriv ned det som blir kalla for ein synopsis, ei samanfatning av ideen, så kort som mogleg, gjerne berre på eit par linjer.

Skriv manus

Neste steg er å skrive eit manus. Eit manus for animasjonsfilm inneheld vanlegvis ei meir detaljert scenebeskriving enn for ein vanleg film. I tillegg til handling og replikkar må du gi eit komplett visuelt bilete med lite rom for tolking.

Følgjande døme er utgangspunktet for ein scene i ein realfilm:

Her ser vi ein hund som jagar ein katt gjennom ein korridor og opp på eit skap.

Detaljane i denne scenen vil regissøren ta seg av under innspelinga.

Som animasjonsfilm-regissør må du derimot tydeleggjere alt i forkant. Animatørane må nemleg vite nøyaktig korleis dei skal animere scenen.

Det handlar i stor grad om beskriving av kroppspråk, bevegelse og ansiktuttrykk.

Ein hund jagar ein katt gjennom ein korridor.

Hunden prøver å bite seg fast i halen på katten, men katten gjer seg kortare ved å løpe på frambeina, resten av kroppen peikar rett opp.

Dei nærmar seg eit høgt skap, og katten klarer å klore seg fast og klatre opp på alle fire. Beinbevegelsane er uskarpe for å gi illusjon av enorm hastigheit.

Hunden klarer ikkje å bremse i tide og endar opp med å stange hovudet i skapet, slik at han svimar av.

2 Storyboard

Når manus er skrive, må du lage eit storyboard. Det er heilt essensielt for produksjonsfasen. Hvis du hoppar over dette stadiet, vil filmen din bere preg av tilfeldige val og dårleg kontinuitet. Det vil i neste omgang gå ut over formidlinga av bodskapen.

Storyboard for Masha og Mishka. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit storyboard er ein visuell representasjon av korleis ein ferdig film skal sjå ut. Kvart enkelt bilete i filmen blir skissert opp og bidreg til grundig produksjonsplanlegging.

Her bestemmer regissør vinklar, utsnitt og kamerabevegelsar, altså avgjer korleis delar av historia kan formidlast på best mogleg måte i den enkelte scenen.

Innanfor realfilm vil du ofte beskrive kor kamera er i kvar scene, slik at utsnittet er definert. Dette er ikkje nødvendig å gjere innan animasjonsfilm, fordi opptaka ikkje blir gjorde på location. Du må likevel forklare utsnitt, panoreringar og zoom for å sikre at kvar scene har ei dramaturgisk oppbygging.

Ingenting avslører betre om ein idé og eit konsept fungerer eller ikkje, enn å ta ein nærare titt på ideen. Er du grundig i arbeidet med eit storyboard, kan du avsløre inkonsekvensar og andre problem.

Hugs

Du treng ikkje å kunne teikne. Eit storyboard skal vere enkelt. Ofte held det i massevis å teikne strekmenn og enkle skisser. Bruk eigna ark når du skal lage storyboardet. Mange liker å bruke post it-lappar, slik at rekkjefølgja kan gjerast om etter behov.

Last ned mal for storyboard-ark her:

Filer

3 Design og Layout

Med utgangspunkt i idé og storyboard må det utarbeidast design av både karakterar og bakgrunnar.

Karakteren

I større produksjonar er det fleire animatørar. Alle må teikne karakterane likt. Derfor må kvar karakter ha sin turnaround eller sitt character sheet, som det heiter på fagspråket.

Karakter vist frå ulike vinklar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tale

Lip sync er eit anna sentralt faguttrykk, det er den engelske forkortinga for leppesynkronisering.

Munnbevegelsane til kvar karakter er viktig å ha på plass før animatørane set i gong med å lage film. Karakterar som snakkar må ha bevegelsar i munnen som passar både til karakteren og til dialogen på lydsporet.

Her er eit døme på korleis ein munn ser ut ved uttale av ulike vokalar og konsonantar:

Ulike illustrerte munnbevegelsar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4 Lyd og animatic

I animasjonsfilm blir som oftast lyden laga først, og det er i denne prosessen ein får prøvd ut timing og viktige klipp.

Ein animatic er ein foreløpig versjon av filmen. Biletet frå storyboardet blir lagt til lydsporet.

Det er no du bestemmer lengde til kvar enkel scene og den totale lengda på filmen. Du kan også sjå om klipperytme, panoreringar, zoom inn og ut blir slik du hadde tenkt det.

5 Produksjon

Først når storyboard, lydspor, animatic og design er på plass, kan produksjonen byrje. På dette tidspunktet er alle val tekne, og du kan byrje med å rigge karakterane og animere filmen.

Å rigge karakterar innanfor teiknefilm betyr at ein legg inn ulike ledd: bein, armar og hovudet i ulike fasongar inn i eit bibliotek i eit animasjonsprogram, og derifrå inn i riktige lag og scenar. Slik blir produksjonen av animasjonen mest mogleg oversiktleg.

Scenane blir animerte etter instruksjonar og tilbakemeldingar frå regissør.

6 Ferdigstilling

Filmen blir finklipt. I denne fasen må du vere open for forandringar – ein scene må moglegvis bli forkasta viss han ikkje fungerer i heilskapen, eller kanskje det trengst ein ny scene.

Det kan vere regissøren vil endre på rekkjefølgja i scenane, eller bruke scenar om att. Mykje kan framleis skje innanfor regi for å få det beste resultatet.

Til slutt blir filmen eksportert i korrekt storleik og format. Innstillingane i eksporten avheng av kor filmen skal visast – om det er på kino, tv eller på nettet.

CC BY-SASkrive av Siren Halvorsen.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Animasjon