Hopp til innhald

Fagstoff

Teksteffektar i After Effects

Har du nokon gong lurt på korleis kule effektar blir laga på film og video? Lær deg å animere i After Effects, og få innblikk i korleis du kan jobbe med dei ulike animasjonsfunksjonane i programmet.
GIF av ordet teksteffektar som panorerer inn til sentrum av scenen frå venstre til sentrum. Kvit tekst på svart bakgrunn. Animasjon.

Start med enkle øvingar slik at du får ei grunnleggande forståing av korleis du jobbar med scenar, oppretting av keyframes og ei tidslinje.

Øving: teksteffektar

I denne øvinga skal vi jobbe med tekstverktøyet og tidslinja. Vi går gjennom ulike transformasjonsfunksjonar for å animere tekstelement. Her vil du lære å opprette keyframes slik at du kan setje innpunkt og utpunkt for å skape ulike effektar på ein tekst.

1. Start opp prosjekt

Opne programmet. Gå til File > New > New Project.

Vel deretter Composition > New composition, og du får opp denne boksen:

Tekstboks med innstillingar i After Effects. Overskrifta på boksen er Composition Settings, og her kan du fylle inn ulike innstillingar som biletstorleik, talet på frames og tidslinje. Skjermutklipp.

Innstillingar

Vel full HD-storleik (1920 x 1080) sidan det samsvarer med storleiken på dei fleste film- og videofiler. Bruk 24 bilete i sekundet (standard for film og animasjon), og fem sekund for lengda på scenen. Bakgrunnsfargen er svart, men du kan velje ein annan farge dersom du vil. Gi namn til prosjektet og trykk OK.

Innstillingane kan endrast undervegs. Ofte blir det behov for å forlenge eller forkorte varigheita på filmen, og då kan du skrive inn endringar her.

2. Tekstverktøy

Du vil no få opp ein svart "scene" som du kan byrje å jobbe i. Vel tekstverktøyet øvst i den horisontale verktøykassa.

Tekstverktøy i After Effects. Musepeikaren er plassert over eit ikon av bokstaven T for å velje tekstverktøyet. Skjermutklipp.
Utsnitt av "Character" frå arbeidsvindauget i After Effects med ulike innstillingar som er relaterte til skriftstorleik, val av font, farge til bokstavar, bold og kursiv. Skjermutklipp.

Innstillingar under "Character"

Skriv inn innstillingane som du ser på høgre side, i programmet, under "Character".

Plasser tekstverktøyet på scenen og skriv inn eit valfritt ord eller namn.

  • Helvetica
  • Regular

  • T: 80 px (storleik på teksten)
  • Vel ein lys farge på teksten dersom du har valt svart bakgrunn.


Slik skal det no sjå ut. Dersom du manglar nokre av desse elementa, byrjar du framanfrå igjen.

Arbeidsvindauge i After Effects. Ei svart ramme representerer scenen. Teksten "teksteffektar" er vist i kvit farge og i store bokstavar. Skjermutklipp.

3. Tidslinje

Nedst i programmet ser du tidslinja, og det er her vi set inn- og utpunkt for animasjonen. Det du har skrive med tekstverktøyet ligg no i eit eige lag som du kan byrje å jobbe med.

Tidslinje i After Effects. Ulike lag representerer tidslinja. Skjermutklipp.

Trykk på pila til venstre på tekstlaget for å få opp fleire val. Trykk deretter på Transform, og det vil no komme opp fem ulike underkategoriar:

  • Anchor Point

  • Position

  • Scale

  • Rotation

  • Opacity

Arbeidsvindauge After Effects med underkategoriane til tidslinja. Her kan du velje kvar teksten skal plasserast, storleik, rotasjon og gjennomsiktigheit. Skjermutklipp.

Anchor Point

Forankringspunktet i After Effects er det punktet alle transformasjonar blir manipulerte frå. I praktisk forstand er ankerpunktet punktet som laget ditt skalerer og roterer rundt.

Position

Her jobbar du med plassering av dei ulike elementa. Det vil seie at du kan flytte rundt på objekt i scenen. Posisjon er ein av dei mest brukte transformasjonskontrollane. Verktøyet justerer strengt lagets vertikale (y) eller horisontale (x) posisjon.

Scale

Med scale gjer du objekt større eller mindre. Skala blir målt med to verdiar, x og y eller breidde og høgde. Å animere skalaen på eit lag kan brukast til å lage tekst, logo eller eit bilete som ser ut til å bevege seg mot deg eller vekk frå deg.

Rotation

Rotation får objekta til å rotere rundt. I 2D-rotasjon har du to verdiar. Gradane til høgre viser deg ein numerisk verdi frå 0 til 360 før du byrjar på nytt. Det vil seie at du kan rotere rundt fleire gonger. Kvar gong objektet har nådd 360, vil talet til høgre endre seg frå 0 til 1 og så vidare.

Opacity

Opasitet er ganske enkelt mengda dekkevne – eller gjennomsiktigheit – laget har. 100 % er fullstendig ugjennomsiktig, og 0 % betyr at laget er heilt usynleg eller heilt gjennomsiktig.

4. Jobb med Position

Øving

Få teksten til å komme inn frå sida og ende opp på midten av scenen.

For å flytte på teksten vel vi Position. Gå til stoppeklokkeikonet og trykk éin gong. Det vil då komme ein blå prikk på tidslinja, og dette er første keyframe (innpunkt).

Flytt teksten på utsida av scenen. Det kan du gjere på to måtar:

  • Du kan flytte teksten ut på sida ved å bruke Selection tool (pila øvst i verktøykassa).

Horisontal verktøylinje med ulike ikon: eit hus, ei pil, ei hand, eit forstørringsglas, ei pil som er forma som ein sirkel, eit kamera, ei ramme med piler som går ut til kvar side, ei ramme, ein pennesplitt og bokstaven T. Pila er markert. Skjermutklipp.
  • Du kan òg bruke kontrollfunksjonen for x- og y-aksen. Du vel sjølv om du vil la teksten komme nedanfrå/ovanfrå (y) eller inn frå sida (x). Plasser pila (Selection tool) i boksen til venstre for å endre data for horisontal plassering eller til høgre viss du vil flytte teksten vertikalt. Du kan skrive inn eit siffer eller dra mot venstre eller høgre, men først må vi opprette ein keyframe.

x- og y-aksen finn du under kategorien "Position" på tidslinja. Eit lite ikon som ser ut som ei stoppeklokke, er til venstre for "Position". Skjermutklipp.

5. Opprett keyframes/innpunkt

På dette biletet er stoppeklokkeikonet ved posisjonsfunksjonen markert. Trykk éin gong på ikonet, og ein blå prikk dukkar opp på tidslinja. No har du oppretta ein keyframe (inpunkt), og funksjonen er aktivert, slik at kvar gong du flyttar på teksten, vil det dukke opp nye keyframes.

Arbeidsvindauge i After Effects. Stoppeklokkeikonet er valt, og ein keyframe har dukka opp på tidslinja. Ein keyframe ser ut som ein liten prikk på tidslinja. Skjermutklipp.

I biletet under er teksten flytta ut på venstre side ved bruk av kontrollfunksjonen for x-aksen. Du vel sjølv om du vil la teksten komme nedanfrå/ovanfrå (y) eller inn frå sida (x). Dra teksten heilt ut slik at han ikkje lenger er synleg i det svarte feltet.

Arbeidsvindauge i After Effects. Teksten som ligg på arbeidsvindauget, er flytta ut til høgre og ut av scenen. Skjermutklipp.

Flytt den blå markøren/pila øvst på det grå feltet på tidslinja bort til 01:12f (1,5 sekund). Flytt deretter teksten tilbake til midten på scenen. Då blir det automatisk oppretta ein ny keyframe på tidslinja. Dette er fordi stoppeklokkeikonet er aktivert.

Slik skal det sjå ut no. Tekstfeltet ligg midt på sida, og ein ny keyframe har vorte oppretta.

Arbeidsvindauge i After Effects. Teksten er flytta inn igjen på scenen, og ein ny keyframe har dukka opp på tidslinja. Skjermutklipp.
Arbeidsvindauge i After Effects med ulike knappar som play, spole fram eller tilbake og stoppknapp til den vesle animasjonen som er laga. Skjermutklipp.

6. Test bevegelsen

No kan du teste bevegelsen ved å gå til Preview (førehandsvisning) i venstre meny.

Dersom han ikkje er synleg, hentar du fram menyen frå Window > Preview.

Her trykker du på playknappen. Hugs å plassere handtaket på tidslinja tilbake til start først.



No vil du sjå at teksten glir inn frå sida i eit jamt tempo.

GIF av ordet "teksteffektar" som panorerer inn til sentrum av scenen frå venstre til sentrum. Kvit tekst på svart bakgrunn. Animasjon.

7. Juster i Graph editor

For å få ein meir dynamisk animasjon på teksten, kan du bruke noko som heiter Graph editor. Her manipulerer du keyframes for å endre farten i byrjinga eller slutten av animasjonen. Dette gir eit meir levande uttrykk på teksten.

GIF av ordet "teksteffektar" som panorerer inn til sentrum av scenen frå venstre. Teksten stoppar litt opp i sentrum av scenen før bevegelsen gjentek seg. Kvit tekst på svart bakgrunn. Animasjon.

Framgangsmåte Graph editor

Først må du markere begge punkta (keyframes) på tidslinja med Selection tool. Gå deretter til Graph editor som ligg rett over laga på høgre side (sjå raud pil).

Graph editor i tidslinja i After Effects. Begge keyframes er markerte. Skjermutklipp.

Du vil no komme inn i tidsgrafområdet i tidslinjepanelet:

Arbeidsvindauge i After Effects med ein gul strek med fire prikkar på i eit rutenett. Skjermutklipp.

Linja markerer grafen mellom dine to keyframes. Dei gule "handtaka" kan dragast opp og ned for å manipulere farten i animasjonen. Her er det nokre funksjonar som blir kalla Easy Ease i After Effects. Dei skal vere rettleiande eller førehandsinnstilte for oss.

Easy ease

Easy Ease blir brukt til å akselerere. Det vil seie at ein jobbar med farten i animasjonen, anten i byrjinga (easy ease in), mot slutten (easy ease out) eller begge delar (easy ease). Her må du sjølv prøve ut kva som passar best til animasjonen din.

Arbeidsvindauge i After Effects. Ei raud pil peiker på eit ikon for ease inn og ut funksjon. Det betyr akselerasjon. Skjermutklipp.

I dømet under er det brukt "easy ease in" i grafeditoren for å få teksten til å komme raskt inn og bremse roleg mot slutten. Dette gir ein fin bevegelse i tekstanimasjonen. For å gjere dette må du markere begge "handtaka" og trykke på "ease in". Desse handtaka representerer dine to keyframes på tidslinja. Dra handtaket opp som vist på biletet under. Grafen viser no at det går litt raskare i byrjinga og jamnar seg ut mot slutten av andre keyframe.

Arbeidsvindauge i After Effects. Grafen har no fått to tangentar som ein kan dra til høgre eller venstre for å manipulere akselerasjon. Skjermutklipp.

Trykk ein gong til på grafmenyen for å komme tilbake til tidslinja.

No kan du teste animasjonen din i Preview. Sjå på innføringsvideoen dersom du treng ein repetisjon.

Øv vidare

Prøv deg fram ved å bruke same framgangsmåte på dei andre transformasjonsfunksjonane, opacity, scale og rotation. Lag keyframes og jobb med grafen.

Eksportere animasjon

Når du vil eksportere animasjonen, går du til Composition > Add to Render Queue. Under "Render Settings" må du mest sannsynleg endre frames per second frå 30 til 24. Du kan også markere "Use Comps Frame Rate" som du stilte inn på 24 i byrjinga av oppgåva. Vel "Best Quality" og trykk "OK".

Trykk på "Output Module" for å velje formatet du vil bruke, og "Output To" for å lagre fila på rett stad. Trykk deretter på "Render" til høgre i panelet.

CC BY-SASkrive av Siren Halvorsen.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2020

Læringsressursar

Animasjon