Hopp til innhald
Øving

Oppgåver om animasjon i Animate

Kor godt kjenner du dei ulike omgrepa og konsepta i Animate?

Spørsmål om Animate

  1. Kva betyr vektor?
  2. Kor mange bilete/frames i sekundet er standard innan animasjon?

  3. Kva er ei hjelpelinje?
  4. Kva er ei keyframe?

  5. Korleis lagar du ei keyframe i Animate?

  6. Kva handlar squash and stretch om i animasjon?

  7. Kvifor må du legge inn ei tom keyframe til sist i tidslinja?

  8. Kva er eit hjelpelag, og korleis opprettar du det?
  9. Kva er ein god framgangsmåte når du skal ha fleire element inn i komposisjonen?