Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva veit du om animasjon?

Kanskje har du allereie erfaring med å lage små animasjonar med flippbok eller modellermasse?
Hender som flippar ei flippbok. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har sikkert sett ei rekkje animasjonsfilmar opp gjennom åra og lurt på korleis produksjonsprosessen går føre seg.

Diskuter først med ein klassekamerat eller saman i klassen:

  1. Kva er favorittfilmen din innan animasjon? Kva er det som gjer at du liker denne spesielt godt?
  2. Kva ligg i omgrepet animasjon?
  3. Kva veit de allereie om korleis ein animasjonsfilm blir til?
  4. Lag ein enkel animasjon i ei flippbok.
CC BY-SASkrive av Siren Halvorsen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Animasjon