Hopp til innhald
Oppgåve

Planlegg din eigen animasjon

Kva for animasjonsteknikk skal du velje til filmen din? Tenk over kva det har å seie for formidlinga av historia.

Som vi har sett, er det mange viktige ledd som må til for å lage ein animasjonsfilm. I denne oppgåva har du no moglegheita til å planleggje din eigen film ved å følgje dei ulike fasane i ein produksjonsprosess.

Tenk på kva som er spesielt for animasjonsmediet når du jobbar med ideen.

Ver bevisst på forteljegrep som animasjonsteknikk, vinkling, utsnitt og karakterutforming.

De kan dele oppgåva i to. Vurder i samråd med lærar om de skal gjere begge delane.

  1. Lag di eiga historie, skriv manus og teikn eit storyboard.
  2. Lag ein turnaround og/eller character sheet og ein animatic.

Prosessen

  1. idé
  2. manus
  3. storyboard
  4. turnaround og/eller character sheet
  5. animatic

Relatert innhald