Eigenvurdering og kvarandrevurdering i videoproduksjon
Be om tilbakemelding på det du produserer frå eit par medelevar.
Å be om tilbakemeldingar er kanskje det viktigaste du kan gjere for å forbetre produksjonen din. Likevel kan det lett opplevast som sårt og ubehageleg, fordi du har lagt ned mykje tid og sjel i produksjonen.
Å venje seg til å få tilbakemeldingar og å lære seg å distansere seg noko frå produksjonen er viktig for å få best mogleg utbytte av tilbakemeldingane.
Kva inntrykk sit dei igjen med? Stemmer inntrykket overeins med det du hadde planlagt?
Kva synest dei er dei sterkaste og svakaste sidene ved produksjonen?
Har dei spesifikke forslag til forbetringar?
Sjå og lytt gjennom heile produksjonen før du svarer på desse spørsmåla.
Er det ein fin og naturleg flyt?
Er lengda passeleg, og verkar strukturen fornuftig?
Kva synest du er den største styrken til produksjonen?
Kva ville du gjort annleis, og korleis?
Har medeleven din brukt liknande verkemiddel som deg? Korleis synest du dei fungerte i dei ulike tilfella?
Er det element i andre sin produksjon som du kunne tenkt deg å bruke i din eigen?
No som du har høyrt og sett andre sine produksjonar, ser du område som kunne vore forbetra i din eigen produksjon?
Trekk fram både styrkar og svakheiter med den andre sin produksjon.
Ver konkret når du beskriv kva du synest fungerer bra eller mindre bra i andre sine produksjonar.
Hugs at du kanskje ikkje er i den planlagde målgruppa for produksjonen.
Kom gjerne med spesifikke forslag til forbetringar.
Å vurdere eigne produksjonar er utfordrande. Du mister objektiviteten og ser deg lett blind på innhaldet. Det kan derfor vere lurt å la produksjonen liggje før du prøver å vurdere han på nytt.
Det er lett å vere sjølvkritisk. Pass på at du fokuserer på eit ønske om å forbetre produktet ditt.
Kan du jobbe med verkemiddel?
Legg du vekt på dramaturgi?
Har du rytme i klippinga?
Finst det uvesentlege element som kan fjernast?
Kan du kutte på lengda utan å miste samanhengen i historia?
Eigenvurdering etter lengre tid
Viss du ventar såpass lenge at du har gløymt mange av detaljane i arbeidet, er det mogleg å skape seg eit nytt førsteinntrykk. Det kan ta veker eller månader før dette skjer, men det kan vere nyttig for å få eit ferskt inntrykk av flyten og av om medieuttrykka heng naturleg saman.