Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag vignett med teksteffektar i After Effects

Lag tre ulike vignettar i After Effects med vekt på teksteffektar. Test ut ulike design.
GIF-bilete av ordet "teksteffekter" som panorerer inn frå venstre til sentrum. Kvit tekst på svart bakgrunn. Animasjon.

Oppdrag

Lag tre ulike vignettar i After Effects med vekt på teksteffektar. Test ut ulike design.

Vel eit av desse oppdraga:

1. Ein kjend gamar ønsker ein fresh vignett som fører stilen hans vidare og fornyar han. Vel ut ein gamar og sjå korleis du kan fornye stilen.

2. Kommunen din ønsker å bli meir synleg for unge og skal bli meir til stades i sosiale medium. Dei ønsker ein vignett som dei kan bruke i videoane sine. Tittel: ung i [namnet på kommunen din] kommune

3. Du ønsker å synleggjere deg sjølv som medieprodusent eller gamar. Bruk ditt eige namn eller eit nick.

Lag eit hefte med prosess og produkt

  • Lag framside med namnet ditt, tittelen "vignettar" og eitt eller fleire bilete frå produksjonen din.
  • Oppgåva skal vise idéfasen, prosessen, produkt og refleksjon.
  • Legg ved skisser og skjermbilete frå arbeidet.
  • Beskriv framgangsmåten din i idéutviklinga og arbeidet ditt i programvara.
  • Nemn verktøya du har brukt, og korleis du har brukt dei. Grunngi vala dine.
  • Legg ved vignettane som filer eller lever dei via lenker som du legg inn i dokumentet.

Vurderingskriterium

I vurderinga av denne oppgåva vil lærar sjå på i kva grad du:

  • beskriv idéfasen og bruker varierte idéteknikkar
  • har programvarekunnskap og kan beskrive sentrale verktøy du bruker
  • dokumenterer prosessen med bilete og tekst
  • utforskar og utviklar kompetansen din innan design og animasjon og bruker relevante faguttrykk når du beskriv arbeidet
  • reflekterer over vala du tek, og erfaringane du gjer deg

Relatert innhald

Har du nokon gong lurt på korleis kule effektar blir laga på film og video? Lær deg å bygge opp ein scene og animere i After Effects.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2020

Læringsressursar

Animasjon