Hopp til innhald

Fagstoff

Smitteregime og isolering

Grunnleggande smittevernrutinar skal følgast i all pasientkontakt. I tillegg krev smittsame sjukdommar ulike former for utvida smittevern og eventuelt isolering. Smittemåten til den aktuelle mikroorganismen avgjer kva smitteverntiltak som er relevante.
Sjukepleiar i smittevernutstyr på veg inn i smittesluse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Isolering

Både stadfesta og mistenkt smitta pasientar i sjukehus eller andre institusjonar bør isolerast eller plasserast i einerom. Det fører med seg færre komplikasjonar å oppheve isolering for ein pasient der smitte blir avkrefta, enn å innføre isolering etter først å ha behandla og handtert pasienten som smittefri.

Pasientar som blir isolerte, bør informerast godt om kvifor verneutstyret du bruker, er nødvendig, om viktigheita av handhygienen til pasienten og kvar i avdelinga pasienten kan og ikkje kan røre og opphalde seg. Du bør òg planlegge nøye alt arbeidet du gjer, og berre ta med det nødvendige utstyret inn på rom der eit smitteregime er innført.

Barrieresjukepleie

Barrieresjukepleie blir brukt hos pasientar med lite, avgrensa og kontrollert utskiljing av smittestoff. Dersom infeksjonen til dømes er i eit sår, skal såret vere godt tildekt, og bandasjen skal vere rein og tørr på utsida. Pasientane med denne typen infeksjonar kan ligge på fleirsengrom, men vi må ta dei same forholdsreglane som i kontakt med andre pasientar med kontaktsmitte. Vi skal derfor bruke stellefrakk med lange erme og hanskar i all nærkontakt med pasienten, og frakken skal skiftast etter kvart stell.

Smitteregime ved kontaktsmitte og inokulasjonssmitte

Kontaktsmitte er den vanlegaste smittemåten ved infeksjonar i sjukehus og institusjonar. Kontakten kan vere direkte eller indirekte. Ved direkte kontaktsmitte er det fysisk kontakt mellom den mottakelege personen og smittekjelda. Ved indirekte kontaktsmitte skjer smitteoverføringa via eit forureina mellomledd.

Inokulasjonssmitte kan òg bli kalla blodsmitte. Det er ei form for indirekte kontaktsmitte der smitten blir overført via ein forureina skarp gjenstand. Dette kan til dømes vere ein sprøytespiss, ein skalpell eller knust glas.

Ved kontaktsmitte er god handhygiene, smittefrakk med lange erme og mansjettar og hanskar viktige smitteførebyggande tiltak. For inokulasjonssmitte er i tillegg sikker injeksjonspraksis og gode rutinar for handtering av stikkande og skjerande gjenstandar viktig. Alle arbeidsplassar der det er risiko for inokulasjonssmitte, bør ha lokalt utforma retningslinjer for handtering av stikkskadar. Det er leiinga som har ansvar for og plikt til å utforme desse retningslinjene.

Smitteregime ved dropesmitte

Når smittestoffet blir spreidd ut frå smittekjelda i form av dropar, til dømes ved hoste, nysing, oppkast eller sprut av flytande kroppsvæsker, blir smitten kalla dropesmitte. Dropane held seg i lufta i berre nokre sekund. Derfor spreier ikkje smittestoffet seg lenger enn cirka 1 meter frå smittekjelda. Personalet som skal inn i denne typen smitterom, må ha på seg hanskar, vernfrakk med lange erme og mansjettar og munnbind. Hette er òg tilrådd.

Pasientar med denne typen smittestoff, til dømes koronavirus (covid-19), skal plasserast i isolat, helst med sluse, eigen dusj og eige toalett. Ei sluse er ein liten gong med ei dør ut mot korridoren og ei dør inn mot pasientrommet. Begge dørene skal aldri vere opne samtidig. Alt eingongsutstyr som har vore inne i rommet samtidig med ein pasient som har stadfesta smitte, skal destruerast som smitteavfall etter at pasienten har reist, eller når smitteregimet blir oppheva. Fleirgongsutstyr som må takast ut av rommet, skal alltid desinfiserast før det blir teke ut av isolatet.

Skilt med teksten "Henvend deg på vaktrommet" og eit gult og svart fareskilt med symbol for biologisk fare. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smitteregime ved luftsmitte

Luftboren smitte kan skje på to måtar: anten med støvpartiklar eller med dropekjernar. Dei fleste støvpartiklane innandørs stammar frå huda til personane som oppheld seg der. Dei minste dropekjernane, òg kalla aerosolar, kan halde seg svevande i timevis og spreiast over større avstandar, til dømes frå eit pasientrom til korridor, frå eit rom til eit anna eller frå ein etasje til ein annan. Sidan dropane er så små, tørkar dei òg fort ut, så denne typen smittespreiing er mest aktuelt for små mikroorganismar som toler uttørking. Dette gjeld til dømes tuberkelbakteriar som gir infeksjonssjukdommen tuberkulose.

Eit godt fungerande luftsmitteisolat er teknisk vanskeleg å bygge, plasskrevjande og kostbart. Mellom anna skal lufttrykket inne i pasientrommet vere lågare enn i korridoren for at smittestoffet ikkje skal spreiast ut av rommet via lufta. Det er òg spesielle krav til ventilasjon og temperaturregulering. Personalet som skal inn i eit luftsmitteisolat, skal vere ikledde hanskar, vernfrakke med lange erme og mansjett og andedragsvern. Verneutstyret kan òg forsterkast med hette, skobytte, augevern som briller eller visir eller anna utstyr.

Vernande isolering

Nokre pasientar har sjukdommar og tilstandar som gjer at dei ikkje kan ligge på rom saman med andre pasientar fordi dei er spesielt mottakelege for infeksjonar. Dette kan til dømes vere pasientar som har redusert immunforsvar på grunn av cellegift ved kreft. Desse pasientane treng vernande isolering. Påkledningen ved vernande isolering er som ved dropesmitte: Det skal nyttast smittefrakke, munnbind og hanskar. Til forskjell frå andre typar isolering der mikroorganismar skal haldast avgrensa frå miljøet, er hensikta med denne isoleringsforma at det er pasienten som blir isolert, som skal vernast.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å ha gode rutinar for smittevern og isolering i helseinstitusjonar?

  2. Korleis skil arbeid i heimesjukepleia seg frå arbeid i helseinstitusjonar med tanke på smittevern og isolering?

  3. Tenk over kvifor det kan vere problematisk å isolere ein dement sjukeheimsbebuar med omgangssjuke. Korleis vil du handtere situasjonen dersom han oppstår?

  4. Kva negative konsekvensar kan du tenke deg at isolering over tid kan ha for helsa til pasientar? Tenk over både dei fysiske og dei psykiske konsekvensane.

Kjelder

Nasjonalt folkehelseinstitutt. (2004). Isoleringsveilederen: Bruk av isolering av pasienter for å forebygge smittespredning i helseinstitusjoner. https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2009-og-eldre/isolereringsveilederen

Stubberud, D.-G. & Grønseth, R. (2022). Klinisk sykepleie 1 (6. utg.). Gyldendal.

Relatert innhald

Smittekjeda gir ei forklaring på korleis smitte spreier seg.

CC BY-SASkrive av Malene Bostad.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2023

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta