Hopp til innhald

Fagstoff

Smittevern på arbeidsplassen

Kunnskapen til helsearbeidarane om hygiene og smittevern er ein viktig faktor for å avgrense smittespreiing. Rutinar, plassering av pasientar og korleis arbeidsplassen er organisert, verkar òg inn på smittevernarbeidet.
Helsefagarbeidar serverer mat til ein eldre mann som sit i ein stol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smittevern

Smittevern er ei nemning på alle tiltak som har til hensikt å hindre at infeksjonar oppstår og blir spreidde. Dette er særleg viktig i helse- og omsorgssektoren. Helsepersonell kjem i kontakt med mange menneske og utfører fleire ulike typar oppgåver i løpet av ein arbeidsdag. Vi kan derfor vere ei stor smittekjelde dersom hygieniske prinsipp ikkje blir overhaldne. Både i heimetenesta og i ulike helseinstitusjonar er det til dømes vanleg at helsearbeidarar handterer mat som andre skal ete. Kunnskap om hygieniske prinsipp og basale smittevernrutinar er òg viktig når vi skal planlegge kvar og korleis pasientar skal plasserast i ei full institusjonsavdeling.

Folkehelseinstituttet har utarbeidd nasjonale rettleiarar for smittevern, isolering, handhygiene og handtering av MRSA. Desse blir rekna som faglege tilrådingar og råd for god praksis, og det er opp til den enkelte helseinstitusjonen og helsearbeidar å vurdere om råda skal eller bør følgast i konkrete situasjonar. Leiinga i dei ulike helsetenestene har plikt til og ansvar for å utarbeide rutinar for korleis smittevern skal gjennomførast, og for korleis behandling og pleie skal utførast i møte med pasientar med ulike infeksjonssjukdommar.

Basale smittevernrutinar

Grunnleggande smittevernrutinar blir òg kalla basale smittevernrutinar. Målet med desse er å forhindre spreiing av smittsame sjukdommar. Sjølv om smittevernrutinane er utarbeidde særleg med tanke på arbeid i institusjonar, gjeld dei i alle delar av helsevesenet. Rutinane baserer seg på ein hypotese om at ikkje-intakt hud, slimhinner og alle kroppsvæsker bortsett frå sveitte kan innehalde smittestoff, og vi treng lite eller ikkje noko utstyr for å gjennomføre dei. Dersom vi følger alle dei basale tiltaka og prosedyrane for god hygiene og smittevern, førebygger vi smitte.

Basale smittevernrutinar inkluderer handhygiene, hostehygiene, pasientplassering, personleg vernutstyr, reinhald, avfallshandtering, handtering av sengeklede og pasientnært utstyr, trygg injeksjonspraksis, desinfeksjon av hud og vern mot stikkskadar. Når ein eller fleire pasientar har fått påvist ein smittsam sjukdom, er ikkje dei basale smittevernrutinane tilstrekkelege lengre, og vi må i nokre tilfelle utvide med isolering.

Sjukepleiar opnar eit skap i den reine sida av skyljerommet. Store oppslag viser kva som er rein og hva som er urein side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Einerom

I einerom ligg pasienten åleine. I sjukeheim er det vanleg at pasientane har einerom med eige bad eller toalett. I sjukehus blir einerom i hovudsak brukt til pasientar som skal isolerast eller av andre grunnar har behov for skjerming. Einerom som blir brukt til isolering av pasientar med smittsame sjukdommar, blir òg kalla isolat. For at pasientar i isolat ikkje skal måtte gå ut av rommet, er det viktig at isolata har vask og eige toalett, eventuelt toalettstol.

Pasientar med diaré og oppkast av ukjend årsak, pasientar med sår med ukontrollerbar sekresjon og pasientar som har vore behandla i helseinstitusjonar utanfor Norden i løpet av dei siste 12 månadene, bør alltid isolerast eller bli plasserte på einerom med eige bad og toalett. Det er òg tilrådd at pasientar som kan komme til å forureine omgivnadene sine med urin, avføring, oppkast eller andre kroppsvæsker på grunn av sjukdom eller manglande personleg hygiene, skal plasserast på einerom.

Fleirmannsrom

Når to eller fleire pasientar er plasserte inne i same rom, blir det kalla eit fleirmannsrom. I sjukehus er dette den vanlegaste måten å plassere pasientar på. Pasientar som ikkje skal isolerast på grunn av drope- eller luftsmitte, kan plasserast på fleirmannsrom. Sjølv om pasientane ikkje har kjende eller mistenkte smittsame sjukdommar, skal dei basale smittevernrutinane likevel følgast.

Pasientar i fleirmannsrom bør ikkje ligge for tett. Dette er både av omsyn til smittevern og for at det skal vere mogleg for helsearbeidarar å jobbe ved sida av sengene. Gardiner eller skjermbrett mellom sengene bidreg til at pasientane kan skjermast frå dei andre som er i rommet, viss dei ønsker det. Det er òg ein viktig del av smittevernet å sørge for at pasientane får dekt dei basale hygienebehova sine. Det er ikkje vanleg med eit eige toalett for kvart fleirmannsrom, men det bør vere handvask inne på alle rom.

Fleirmannsrom kan òg brukast til å isolere fleire pasientar med same diagnose. Dette blir kalla kohortisolering. Helsetenestene er planlagde, tilrettelagde og bemanna ut frå dei normale behova til befolkninga. Kohortisolering er særleg vanleg ved store utbrot av infeksjonssjukdommar som fører til at den ordinære kapasiteten i sjukehus og andre helseinstitusjonar ikkje strekk til.

Korridorpasientar

Ein korridorpasient er ein pasient som ikkje ligg inne på eit vanleg pasientrom, men som er plassert i gangen (korridoren). Dette kan vere anten på grunn av kapasiteten til avdelinga og mange pasientar, fordi personalet lettare skal kunne observere pasienten, eller fordi pasienten har behov for kontakt med personalet. Det er ikkje ønskeleg å ha pasientar liggande i korridorane på sjukehus. Plassering av pasientar i korridoren gjer det både vanskeleg å ta vare på den lovpålagde teiingsplikta og det kan gå ut over smittevernarbeidet. Pasientar med infeksjonar som krev isolering, skal aldri plasserast på gangen.

Pasientar som bur heime eller i institusjon

Når pasientar bur heime, blir arbeidet med smittevern litt ulikt frå det arbeidet som skjer i institusjonar. Viss du jobbar eller har praksis i heimesjukepleia, har du kanskje opplevd at det ikkje er like lett å overhalde hygieniske prinsipp i private heimar som i helseinstitusjonar der interiør og system er organiserte for å ta vare på nettopp dette. Det er likevel viktig at du organiserer arbeidet ditt formålstenleg, slik at dei basale smittevernrutinane blir overhaldne i så stor grad som mogleg.

Det er viktig å hugse på at smittefarleg avfall skal handterast og destruerast som risikoavfall òg når det oppstår der helsetenester er involverte utanfor institusjonar, som ved heimesjukepleie. Det er leiinga for den aktuelle tenesta som har ansvar for å utarbeide prosedyrar for korleis dette skal gå føre seg.

For personar som bur i institusjonar, til dømes sjukeheim, er institusjonen heimen deira. Derfor skal tiltaka òg her vere bygde på dei basale smittevernrutinane. Det bør vurderast i kvart tilfelle om det er nødvendig å merke døra inn til bebuarrommet eller ikkje. Transport, forflytting og opphald i fellesrom eller med andre bebuarar og besøkande bør avgrensast til eit minimum. I tilfelle der forflytting er nødvendig, bør bebuaren ha reine klede, rein seng dersom ho blir brukt til transport, og bebuaren bør utføre handhygiene rett før transporten.

Pårørande og andre som kjem på besøk, bør informerast om kor viktig god handhygiene er. I sjukeheim er det òg viktig at dei får informasjon om kvar dei kan og ikkje kan opphalde seg i avdelinga.

Utfordringar til deg

  1. Kva fordelar og ulemper kan det vere for pasientar som blir plasserte i einerom?

  2. Kva fordelar og ulemper kan det vere for pasientar som blir plasserte i fleirmannsrom?

  3. Kvifor er korridorpasientar ei utfordring med tanke på smittevern?

  4. Tenk deg at du jobbar i heimetenesta. Korleis kan kunnskapen og kompetansen din om hygiene komme til nytte for brukarar og dei pårørande med tanke på smittevern?

  5. Kvifor bør ein reflektere om bebuarrom i sjukeheimar bør merkast med smitte eller ikkje? Kva er refleksjonane dine rundt dette?

Kjelder

Forskrift om smittefarlig helseavfall. (2005). Forskrift om smittefarlig avfall fra helsetjeneste og dyrehelsetjeneste mv. (FOR-2005-10-11-1196). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-10-11-1196

Helsedirektoratet. (2019, 13. november). Pandemiplanlegging. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/pandemiplanlegging

Nasjonalt folkehelseinstitutt. (2022, 8. juni). Basale smittevernrutiner i helsetjenesten – veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/temakapitler/09.-basale-smittevernrutiner-i-hels/

Stubberud, D.-G. & Grønseth, R. (2022). Klinisk sykepleie 1 (6. utg.). Gyldendal.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Malene Bostad.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2023

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta