Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Smittevernarbeid i praksis

Som helsefagarbeidar har du ansvar for å jobbe forsvarleg med tanke på hygiene og smittevern. Brot på hygieniske retningslinjer kan føre til at smittestoff blir spreidd og skaper sjukdom som kunne vore unngått viss prinsippa hadde vore overhaldne.
Mannleg helsefagarbeidar hjelper kvinneleg pasient med å legge tannkrem på tannbørsten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Ta utgangspunkt i praksisstaden din eller ein arbeidsplass du kjenner til. Det kan til dømes vere sjukeheim, heimesjukepleie, sjukehus, rusomsorga eller ein bustad for personar med fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar. Finn ut korleis tilsette skal forhalde seg dersom ein av pasientane/brukarane/bebuarane får ein smittsam sjukdom.

  2. Arbeidsantrekket er ein viktig del av smittevernet i ein helseinstitusjon. Kvifor skal du ikkje gå på butikken i uniform?

  3. Overdelen til uniforma skal ha korte erme. Kva risiko medfører det å bruke langerma ullskjorte under kittelen?

  4. Kva ansvar har du som helsefagarbeidar for smittevern?

  5. Kvifor skal helsepersonell ha kortklipte negler?

  6. Korleis kan brot på hygieniske retningslinjer vere ei etisk problemstilling? Bruk gjerne yrkesetiske retningslinjer som kjelde i svaret ditt.

Caseoppgåver

Gå saman i grupper og diskuter oppgåvene.

  1. Det skal vere julebord for avdelinga der du er i praksis. Rettleiaren din og fleire andre tilsette har for høvet skaffa seg lange gelénegler.

    1. Korleis ville de reagert? Kva ville de tenkt, og kva ville de sagt og gjort?

    2. Kva er det i denne situasjonen som kan gjere det vanskeleg å seie frå?

    3. Korleis vurderer de det etiske ved denne situasjonen? Grunngi svara dykkar.

  2. Du har vore inne hos ein pasient for morgonstell og har på deg stellefrakk. Du har pakka saman dei våte klutane og handklea for å ta dei med til skyljerommet, men på veg ut ser du at det òg står skitne koppar og glas på nattbordet som du vil ta med deg til kjøkkenet. Diskuter i gruppa korleis de vil planlegge og prioritere rekkefølga av oppgåver i denne situasjonen. Grunngi svaret ut frå hygieniske retningslinjer.

Refleksjon

Samanlikn svara dykkar frå oppgåve 5 i dei individuelle oppgåvene, og reflekter saman i grupper og i klassen over korleis brot på hygieniske retningslinjer kan vere ei etisk problemstilling.

Relatert innhald

Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer i jobben din som helsefagarbeidar. Du skal yte helsehjelp som er fagleg, etisk og juridisk forsvarleg.

CC BY-SASkrive av Malene Bostad.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2023

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta