Bruk av smittevernutstyr
Gå saman i grupper og øv på på- og avkleding av personleg smittevernutstyr slik de har sett i filmen. Ein elev gjennomfører prosedyrane mens resten av gruppa observerer og noterer stikkord undervegs. Byt roller slik at alle får prøve, og evaluer gjennomføringa i gruppa etterpå.
Kva delar av prosedyrane er mest utfordrande å utføre på riktig måte?
Drøft i gruppa når i prosessen de er mest utsette for smitteoverføring.
Les om basale smittevernrutinar i helsetenesta på nettsida til Folkehelseinstituttet.
- Lag ei oversikt over personleg smittevernutstyr som skal nyttast ved dei ulike formene for smitte.
- Kva for nokre av desse kjenner du til frå praksisstaden din?
- Kva utstyr har du sjølv nytta?
- På slutten av filmen demonstrerer sjukepleiaren korleis ho tek av sengeklede og legg det i tøysekker, utan å ha på seg smittevernutstyr.
Lag ein skriftleg prosedyre for fjerning av smittefarlege tekstilar og avfall der de nyttar smittevernutstyr, og der de tek omsyn til ergonomiske prinsipp.
Lag ein instruksjonsfilm basert på prosedyren de har laga. Vis filmen i klassen etterpå.
Relatert innhald
Kunnskapane til fagarbeidaren om kor viktig god handhygiene er, er avgjerande for helsa og velværet til brukaren.
Faktum og omgrepsforklaringar knytte til covid-19 og koronapandemien: virus, mutasjonar, vaksinar og testar.