Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeidsklede

I helsevesenet er det krav om arbeidsklede som ein del av dei basale smittevernrutinane. Du som arbeidstakar må følgje dei retningslinjene for arbeidsklede som til kvar tid gjeld på arbeidsplassen din.
To kvinnelege helsefagarbeidarar står på kvar si side av ein sengeliggjande pasient. Dei hjelper ho til rette i senga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsklede

  1. Finn ut og beskriv kva retningslinjer som gjeld for arbeidsklede på ein arbeidsplass du kjenner til. Til dømes heimetenesta, sjukeheim, bu- og servicesenter, sjukehus, rusomsorga, bustader for personar med fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing eller opptrenings- og behandlingssenter.

  2. Forklar kvifor helsepersonell ikkje bør ha på seg handsmykke.

  3. Kva er årsaka til at overdelen av arbeidsklede bør ha korte ermar?

  4. Du skal nytte stellefrakk hos ein brukar ved morgonstell. Forklar rett måte å ta på og av stellefrakken på med tanke på hygiene og smittevern.

  5. Når skal du nytte gul frakk, og kva skil denne frå vanleg stellefrakk?

Verneklede

Bruk av vernefrakk i samband med stell er eitt av fleire viktige hygienetiltak i helsesektoren. Den vernar både helsepersonell og pasientar mot overføring av smitte. Likevel veit vi av erfaring at praksisen med bruk av stellefrakk varierer stort frå ein arbeidsplass til ein annan.

Gå saman i grupper på tre til fire elevar.

  1. Reflekter over kva årsaker som kan liggje bak at helsepersonell ikkje nyttar stellefrakk sjølv om dei veit at dette er både eit krav og viktig for å hindre overføring av smitte.

  2. Diskuter i gruppa: Korleis ville du sjølv ha reagert under praksis på sjukeheim viss du oppdaga at rettleiar eller anna helsepersonell ikkje nytta stellefrakk under pleie?

    • Ville du ha gått mot straumen og likevel nytta stellefrakk?

    • Kva reaksjonar kunne du då ha fått frå personalet?

    • Korleis trur du pasientane ville ha reagert på at du som praksiselev nytta stellefrakk, mens dei andre, erfarne pleiarane ikkje gjorde det?

    • Ville du ha varsla avdelingsleiar om dette brotet på basale smittevernrutinar? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta