Desinfeksjon og sterilisering
- Desinfeksjon
- er ein prosess for å uskadeleggjere mikroorganismar. Denne prosessen drep dei fleste mikroorganismar, men han tek ikkje livet av bakteriesporar.
- Sterilisering
- er ein prosess som drep alle mikroorganismar, også bakteriesporar. Steriliserte gjenstandar og tekstilar blir rekna som sterile, altså fri for mikroorganismar.
Vi skil mellom to hovudtypar av desinfeksjon: teknisk desinfeksjon og huddesinfeksjon. Teknisk desinfeksjon er desinfeksjon av gjenstandar, golv, inventar og liknande. Huddesinfeksjon er desinfeksjon av hud og slimhinner hos pasientar og personale.
Teknisk desinfeksjon
Vi har to metodar for teknisk desinfeksjon: varmedesinfeksjon og kjemisk desinfeksjon.
Varmedesinfeksjon
Den sikraste, enklaste, rimelegaste og mest miljøvennlege metoden for teknisk desinfeksjon er desinfeksjon med fuktig varme. Denne metoden bør vi bruke der det er mogleg. Desinfeksjonen skjer då i ein dekontaminator (bekkenspylar) eller instrumentvaskemaskin. På kjøkkenet er det oppvaskmaskina som desinfiserer dekketøy og liknande. Desse maskinene spyler reint utstyret før desinfeksjon.
Kjemisk desinfeksjon
Vi bruker kjemisk desinfeksjon på utstyr som ikkje toler varme, eller som er så stort at det ikkje får plass i ein dekontaminator. Vi bruker òg kjemisk desinfeksjon på flater som må desinfiserast, som golv og benkar. Vanlegvis held det med mekanisk reingjering med vatn og reingjeringsmiddel på golv og inventar, desinfeksjonsmiddel blir berre brukte dersom det er sølt med smittefarleg materiale eller ved avvikling av streng isolering på grunn av smittefare.
Verknaden av kjemisk desinfeksjon er avhengig av om det har vore direkte kontakt mellom desinfeksjonsmiddelet og den eventuelle mikroorganismen. Verknaden er òg avhengig av kor konsentrert desinfeksjonsmiddelet er, av temperatur, pH og kor mykje organisk materiale som er på utstyret.
Mengda av mikroorganismar på utstyret er avgjerande for effekten. For å få best mogleg verknad av desinfeksjonen må vi følge dei konsentrasjonane og den brukstida som står på etiketten til middelet.
Huddesinfeksjon er ein del av handhygieneprosedyren for personalet, og høyrer òg til hud- og slimhinneprepareringa på pasientar før ulike inngrep. Huda blir desinfisert når hudbarrieren skal brytast, til dømes ved operative inngrep og injeksjonar. Vi bruker kjemiske desinfeksjonsmiddel som er spesielt berekna for hud og slimhud.
Det er nødvendig at utstyr som kjem i kontakt med normalt sterile område, er sterile. Dette er utstyr vi bruker når vi bryt den naturlege barrieren på pasienten – som hud og slimhud – og utstyr som kjem i kontakt med sterile slimhinner som urinvegar og nedre luftvegar.
Ved sterilisering kan vi bruke emballasje. Det vil seie at vi kan pakke inn produkta før dei blir steriliserte. Emballasjen vernar produktet og held det sterilt til vi skal bruke det.
Det er ulike måtar å sterilisere utstyret på. Vassdampsterilisering og tørrsterilisering er relativt enkle, kontrollerbare og miljøvennlege metodar. Dei er difor gjerne førstevalet blant steriliseringsmetodane. Andre steriliseringsmetodar er gass- og strålesterilisering. Dei er vanlegare til industriell sterilisering, blant anna av eingongsutstyr.
Utfordringar til deg
Kva er forskjellen mellom desinfeksjon og sterilisering?
Kvifor er desinfeksjon med varme å føretrekke framfor kjemisk desinfeksjon?
Kvifor er det viktig at utstyr blir reingjort og desinfisert snarast råd etter bruk?
Relatert innhald
Handhygiene er det enklaste, rimelegaste og beste tiltaket for å hindre overføring av smitte.
Sjukdommar forårsaka av mikroorganismar er smittsame fordi mikroorganismane kan overførast frå individ til individ. Lær meir om smittespreiing.