Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tiltak for smitteførebygging

På rapportmøtet fortel nattevakta at Per har vore sjuk og har kasta opp i løpet av natta. Dei som skal gå dagvakt, må setje i verk tiltak for å førebyggje at dei andre bebuarane skal bli sjuke.
Helsefagarbeidar ved dør med gul trekant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

Per er 82 år og tidlegare lærar. Han er enkjemann og har to barn og fem barnebarn. Han er i god fysisk form, men har vorte gløymsk med åra og kan ikkje lenger bu heime. Han har demens av Alzheimer type og treng tilrettelegging ved personleg hygiene fordi han lett gløymer enkelte kroppsdelar.

Helsefagarbeidar Kari veit at omgangssjuke er svært smittsamt, og at fleire bebuarar og dei som arbeider på avdelinga, òg fort kan bli sjuke. Det er derfor viktig å førebyggje smittespreiing.

Oppgåver

  1. Ta utgangspunkt i smittekjeda og lag ein plan over kva for tiltak som bør setjast i verk i samband med morgonstellet. De kan lage ein meir omfattande plan dersom de ønskjer det.

  2. Per har slutta å kaste opp og er i relativt god form trass at han har vore sjuk om natta. Han vil stå opp og ete frukost som han pleier. Kva må Kari tenkje på når ho hjelper Per med morgonstellet denne morgonen for å unngå at han spreier smitte vidare?

Relatert innhald

Smittekjeda gir ei forklaring på korleis smitte spreier seg.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Lillian Brønseth og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2021

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta