Hopp til innhald

Fagstoff

Avfallshandtering

På same måte som avfall frå hushald kjeldesorterast, skal òg avfall frå helseinstitusjonar sorterast for å sikre forsvarleg handtering av avfallet. Riktig avfallshandtering bidreg til eit trygt arbeidsmiljø, god økonomi og betre berekraft.
To søppelposar, ein gul for risikoavfall og ein gjennomsiktig utan merking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avfall frå helseinstitusjonar

Både smittefare og fare for innhald som medisinrestar, kjemikal og radioaktivitet gjer at det er risiko for helseskade og forureining knytt til avfall frå helseinstitusjonar. Til dømes kan restar av cytostatika (cellegift) som blir nytta i kreftbehandling, finnast i urin, avføring, oppkast og blod frå pasientar fleire dagar etter at medikamentet er gitt, og dermed hamne i avfallet saman med brukt eingongsutstyr. Det er òg eit stort forbruk av kjemiske desinfeksjonsmiddel i helseinstitusjonar. Nokre av desse blir rekna som farleg avfall og skal sorterast ut og handterast som dette.

Regelverk for avfallshandtering

Alle helseinstitusjonar har plikt til å levere avfallet sitt til eit godkjent mottak som kan handtere avfallet på ein formålstenleg måte. Det blir finst ei eiga forskrift som regulerer handteringa av smittefarleg avfall. Dette avfallet blir òg kalla risikoavfall. Destruksjon av risikoavfall medfører ein vesentleg kostnad. Anna avfall skal ikkje kastast saman med risikoavfall, fordi det ville auka volumet og dermed smittefaren, samtidig som destruksjonen blir dyrare enn nødvendig.

Sjølv om avfall frå helseinstitusjonar kan innehalde smittestoff, er det viktig å presisere at avfallet generelt utgjer ein liten smitterisiko dersom det blir handtert og emballert forsvarleg. Det å ha ei medviten og gjennomtenkt haldning til kjeldesortering av avfallet i helseinstitusjonar vil derfor både verne menneske og miljø og redusere kostnadar. Hugs alltid å utføre handhygiene etter kontakt med avfall.

Risikoavfall

Risikoavfall skal alltid plasserast rett i eigna emballasje utan mellomlagring på golv, utstyr, bord eller benker. Posar, sekkar og behaldarar som skal nyttast til risikoavfall, har alltid gul farge.

Smittemåten til ein sjukdom avgjer kva av det som har vore i kontakt med eller i omgivnadene til ein pasient med ein smittsam sjukdom, som skal sorterast som smitteavfall.

Materiale som er drypande våte av blod, urin, avføring og sekret frå luftvegar eller sår, blir alltid sorterte som smittefarleg avfall. Det skal òg alt avfall frå luftsmitteisolat. Det er fordi smitteoverføringa ved luftsmitte oppstår ved inhalering av bitte små dropar (aerosolar) eller støvpartiklar. Dermed kan alt som har vore i nærleiken av pasientar med luftboren smitte, vere berar av smittestoffet.

Gul søppeldunk med gule plastboksar for risikoavfall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handtering av smitteavfall

Oppsamling av mindre mengder smitteavfall inne på pasientrom bør føregå i tynne gule plastposar. Desse posane skal alltid leggast i annan ytteremballasje før vidare handtering og transport. Det er viktig at oppsamlingssekkane for det smittefarlege avfallet ikkje blir fylt meir enn 2/3 fulle før dei blir emballerte, då det reduserer faren for at det går hol på sekkane.

Den ytre emballasjen ved smitteavfall skal vere dobbel, altså at avfallet er dekt av to avfallssekkar utanpå kvarandre. Ved kontakt- og dropesmitte kan to svarte avfallssekkar eller ein tjukk gul avfallssekk inne i ein svart avfallssekk bli nytta. Ved luftsmitte skal dobbelemballeringa alltid vere gjord med to tjukke gule sekkar.

Stikkande og skjerande gjenstandar

Brukte kanylar og andre skarpe gjenstandar skal kastast direkte i kanyleboks med låsbart lokk. Dersom du skal handtere denne typen utstyr, er det viktig at du sørger for å ha avfallsbehaldaren innan rekkevidde før du startar på prosedyren. Boksen skal lukkast når han er 2/3 full, og lokket må låsast før vidare handtering av boksen.

Stikkande og skjerande avfall som er for stort til å få plass i ein kanyleboks, kan kastast i risikoavfallsboks. Her skal òg lukka kanyleboksar og svært vått smitteavfall bli kasta. Gode rutinar rundt handtering av stikkande og skjerande gjenstandar er viktig for å førebygge smitte som følge av stikkskadar.

Matavfall, plast, papir og restavfall

Det blir produsert store mengder avfall i helseinstitusjonar, og sortering handlar òg om å ta vare på naturen og naturressursane. Det kan alle bidra til viss vi kjeldesorterer og gjenvinn det som kan gjenvinnast. Matavfall, plast og papir bør sorterast og handterast etter gjeldande rutinar i kommunen der helseinstitusjonen er.

Restavfall er det avfallet som ikkje kan gjenvinnast, og som ikkje skal sorterast som risikoavfall.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at avfall i helseinstitusjonar blir sortert riktig?

  2. Korleis kan du bidra til at avfallet på praksisplassen din blir handtert forsvarleg og berekraftig?

  3. Tenk deg at du har ansvar for ein pasient som har gule stafylokokkar i eit sår på leggen. Gule stafylokokkar smittar via kontaktsmitte. Du har skifta på såret. Korleis vil du handtere avfallet frå sårskiftet, og kvifor? Tenk spesielt på kva som skal handterast som smitteavfall.

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2021, 12. november). Avfall fra helseinstitusjonar og avløp. https://www.fhi.no/ml/avfall-og-soppel/handtering-helseeffekter/andre-typer-avfall/

Oslo universitetssjukehus. (u.å.). Avfallshåndtering. Henta 24. april 2023 frå https://ehandboken.ous-hf.no/document/32140

Oslo universitetssjukehus. (u.å.). Smitteavfall: Generelt. Henta 24. april 2023 frå https://ehandboken.ous-hf.no/document/46288

Stubberud, D.-G. & Grønseth, R. (Red.). (2022). Klinisk sykepleie 1 (6. utg.). Gyldendal Norsk Forlag.

CC BY-SASkrive av Malene Bostad.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta