Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis blir smitte spreidd og hindra?

Patogene mikroorganismar forårsakar sjukdom. Sidan mikroorganismar kan overførast frå individ til individ, er slike sjukdommar smittsame. Smittekjeda beskriv korleis smittsame sjukdommar blir overførte. Viss vi kjenner smittekjeda, kan vi førebygge og dermed hindre spreiing av smitte.
Kvinne som nys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk gjennom

Korleis blir smitte spreidd og hindra? Lag ei liste over moglege måtar ein smittsam sjukdom kan spreie seg på.

Tenk deg at du har ein smittsam sjukdom. Kva kan du gjere for å unngå å smitte andre?

Smitte – overføring av sjukdom mellom individ

Ein sjukdom blir spreidd ved at mikroorganismen som forårsakar sjukdommen, blir overført frå eit individ til eit anna. Patogene mikroorganismar kan overførast mellom individ på ulike måtar:

  • gjennom lufta ved spytting, hosting og nysing

  • ved direkte kontakt som handtrykk, klem eller samleie

  • indirekte gjennom dårleg hygiene, kontaktflater, mat eller forureina drikkevatn

  • gjennom kontakt med andre organismar, til dømes insekt og dyr

Smitteberar

Nokre mikroorganismar kan overførast frå friske individ og likevel føre til sjukdom hos andre. Dei friske individa vil då vere berarar av patogene mikroorganismar og kunne bidra til å spreie smitte.

Zoonose og vektorboren smitte

Enkelte mikroorganismar kan overførast mellom individ frå ulike artar, til dømes frå dyr til menneske. Alle organismar kan bli sjuke av ulike mikroorganismar. Viss eit sjukt dyr overfører mikroorganismar til eit menneske som blir sjukt, kallar vi det zoonose. Rabies er ein sjukdom som hovudsakleg rammar pattedyr. Sjukdommen er forårsaka av lyssavirus og kan overførast til menneske ved dyrebit.

Insekt og andre dyr kan fange opp patogene mikroorganismar og frakte dei i eller på kroppen utan at dyret sjølv blir sjukt. Viss dyret bit eller stikk ein annan organisme, vil den patogene mikroorganismen bli overført. Når mikroorganismen deretter formeirar seg i den nye organismen, vil denne organismen bli sjuk. Dette blir kalla vektorboren smitte. og er døme på vektorboren smitte som blir overført til menneske via mygg.

Ulike måtar patogene mikroorganismar kan overførast mellom ulike individ på. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smittekjeda

Smittekjeda beskriv korleis eit smittestoff, til dømes ein patogen mikroorganisme, blir overført frå eit individ til eit anna. Smitte skjer i ei bestemt rekkefølge:

Smittestoff
er mikroorganismar som kan overførast mellom ulike individ.
Smittekjelde
er ein organisme eller ei overflate som inneheld eit smittestoff.
Smitteveg
er måten mikroorganismen vandrar frå smittekjelde til smittemottakar på.
Smitteinngang
er ein inngang i kroppen til ein organisme.
Smittemottakar
er éin eller fleire organismar som er mottakeleg(e) for ein mikroorganisme.

Viss smittekjelda er ein organisme, må smittestoffet kome ut av kroppen gjennom ein smitteutgang før det kan spreiast vidare. Smitteutgangar og smitteinngangar er stader der kroppen skil ut væske, til dømes auge, øyre, nase, munn, underliv, sår og rifter.

Når blir ein sjuk?

Det tek gjerne litt tid frå ein mikroorganisme trenger inn i ein vertsorganisme, til han gjer skade. Denne perioden kallar vi inkubasjonstid. Han kan variere frå dagar til månader avhengig av typen mikroorganisme.

Det er ikkje alle som blir sjuke sjølv om dei blir angripne av ein patogen mikroorganisme. Så lenge kroppen sine forsvarsmekanismar klarer å bevare den indre balansen, vil vertsorganismen kunne leve med mikroorganismen i kroppen utan å bli sjuk.

Å bryte smittekjeda vil hindre spreiing av smitte

Viss smittekjeda blir broten, vil ikkje patogene mikroorganismar kunne overførast frå individ til individ. Det er fleire gode måtar å bryte ei smittekjede på.

God handhygiene

Det viktigaste tiltaket for å førebygge og hindre spreiing av smittsame sjukdommar er god handhygiene. Ved å vaske hendene ofte med såpe og vatn vil du redusere mengda mikroorganismar på hendene. Dermed hindrar du at desse blir spreidde vidare på kontaktflater, ved handhelsing eller ved matlaging.

Halde avstand til andre ved sjukdom

Ved å unngå handhelsing, klemming og nær kontakt med andre når du er sjuk, eller når andre rundt deg er sjuke, vil du hindre smitte som blir overført ved direkte kontakt mellom ulike individ.

Gode rutinar ved hosting og nysing

Å hoste og nyse i olbogekroken eller i eit papirlommetørkle vil hindre luft- og dropesmitte. Ver nøye med handvask etter at du har pussa nasen.

Handtering av mat

Mikroorganismar trivst spesielt godt når dei har tilgang på næring. Det er derfor viktig å behandle maten rett for å unngå å skape gode vekstvilkår for patogene mikroorganismar.

Dekke til opne sår

Opne sår gir mikroorganismar ein direkte inngang inn i kroppen.

Obs!

Viss du slurvar med handhygienen når du er forkjølt, lagar mat eller går på toalettet, kan du smitte andre. Men du kan ikkje bli smitta av ein kjønnssjukdom via eit dosete eller i eit badebasseng. Kvifor er det slik?

Ung mann les på mobilen mens han sit på do. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva trur du er den største smittekjelda på dette biletet? Grunngi svaret ditt.

Smitteberar
er eit friskt individ som kan overføre patogene mikroorganismar til andre, som då kan bli sjuke.
Zoonose
er når eit sjukt dyr overfører mikroorganismar til eit menneske som blir sjukt.
Vektorboren smitte
er når ein vertsorganisme tek opp ein mikroorganisme utan å sjølv bli sjuk, og overfører mikroorganismen til ein ny organisme, som blir sjuk.
Smitte
er når eit smittestoff, til dømes ein patogen mikroorganisme, blir overført frå eit individ til eit anna.
Smittekjeda
beskriv korleis smitte blir overført.
Inkubasjonstid
er tida det tek frå ein mikroorganisme trenger inn i kroppen til ein vertsorganisme, til han gjer skade og forårsakar sjukdom.
Kjelder

Drexler, M. (2011). What you need to know about infectious disease. National Academy of Sciences. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/nbk209706/

Folkehelseinstituttet (2019). Smittevernveilederen. https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/temakapitler/09.-basale-smittevernrutiner-i-hels/

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Grunnleggjande smittevernrutinar