Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Test smitteverntiltaket: 1 meters avstand

Når du nys, blir små dropar slyngde ut i lufta. Desse dropane inneheld enzym, spytt og mikroorganismar som kan overføre smitte til andre. I denne aktiviteten skal de undersøkje kor langt smitte kan spreiast når nokon nys.
Eit krypdyr som nys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Forstå viktigheita av førebyggjande smittevern og bli kjend med ulike smitteverntiltak.

Framgangsmåte

  1. Alle elevane reiser seg og samlar seg i midten av klasserommet.

  2. Éin elev bruker sprayflaska for å illustrere ein person som nys. Det er viktig at eleven berre sprayar éin gong, og i éi bestemt retning.

  3. Dei andre elevane står rundt og prøver å kjenne om vatnet frå sprayflaska nådde dei. Elevane som kjenner at dei blei trefte av vassdropar, set seg ned på golvet der dei stod.

  4. Dei elevane som ikkje blei trefte, bruker ein meterstokk eller eit måleband til å måle den lengste avstanden vatnet har reist.

  5. Gjenta forsøket. Denne gongen skal eleven med sprayflaska illustrere ein person som nys tre gonger.

Diskuter

  • Korleis kan 1 meters avstand førebyggje smitte? Diskuter samanhengen mellom smittespreiing og avstand.

  • Er 1 meters avstand nok til å førebyggje smitte? Grunngi svaret med utgangspunkt i aktiviteten de nettopp gjennomførte.

  • Kva type smitte illustrerer aktiviteten? Gi døme på smittsame sjukdommar som smittar på denne måten.

  • Kva for nokre andre tiltak meiner de er gode for å førebyggje denne typen smitte?

  • På kva andre måtar kan smitte overførast?

  • Kva faktorar påverkar korleis ein sjukdom spreier seg?

  • Kvifor er det viktig med førebyggjande smittevern?

Design eit eige forsøk

Ta utgangspunkt i aktiviteten over. Korleis kan de justere denne aktiviteten for å teste dei andre smitteverntiltaka de har diskutert?

Relatert innhald

I denne aktiviteten skal du lære om smittespreiing og smittesporing. Føremålet er å forstå kor viktig førebyggjande smittevern er.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Grunnleggjande smittevernrutinar