Øving
Utforsk smittekjeda
I denne aktiviteten skal du lære om smittespreiing og smittesporing. Føremålet er å forstå kor viktig førebyggjande smittevern er.
- Alle får utdelt eit nummer og ein hanske kvar. Tre hansken på høgre hand, og skriv nummeret ditt på handbaken utanpå hansken.
- Alle får så utdelt ein behaldar med kvitt pulver. Drypp nokre dropar glyserol i handflata på den hanskekledde handa. Hell deretter ut innhaldet frå behaldaren i handflata, slik at du blandar glyserol og pulver. Gni blandinga godt utover.
- Når læraren gir beskjed, er det tid for handhelsing. Då skal du med eit godt handtrykk helse på ein av klassekameratane dine. Skriv ned kva nummer denne eleven har på hansken sin.
- Handhelsinga skal utførast totalt tre gonger. Det vil seie at du til saman skal helse på tre ulike medelevar. Hugs å notere ned nummeret til medelevane dine etter kvart handtrykk. Du endar til slutt opp med ein firesifra kode (utdelt nummer – første kontakt – andre kontakt – tredje kontakt) som angir kven du har helst på.
- Kven er smitta? Sjekk hansken under UV-lys for å finne ut kven som har blitt smitta. Det fluoriserande pulveret lyser under UV-lys og vil på den måten avsløre kven som er mottakarar av smittestoffet. Noter ned alle elevane som har blitt smitta, og kva nummer desse elevane har på hansken sin.
- Lag ei felles oversikt som viser kva for nokre elevar som har handhelst på kvarandre, og kven som har blitt smitta. Ta utgangspunkt i den firesifra kontaktkoden til elevane.
- Elevane jobbar vidare i grupper og prøver å nøste seg tilbake til kven som var berar av smittestoffet, og som dermed spreidde smitten til smittemottakarane. Bruk den felles oversikta over handhelsinga til alle elevane i klassen.
- Drøft i fellesskap korleis kvar enkelt gruppe nøsta seg fram til smittekjelda.
Les historia om Mary Mallon.
- Set opp ei smittekjede som beskriv smittespreiinga i historia.
- Kunne spreiinga av Salmonella typhi vore hindra på andre måtar enn den som er beskriven i historia?
- Kva vi kan lære av denne tragikomiske historia om smittespreiing?
Naturfag.no. (u.å). Illustrer en smittekjede. Henta 3. oktober 2020 frå https://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=2259328