Hopp til innhald

Fagstoff

Testing, isolasjon, smittesporing og karantene (TISK)

Under covid-19-pandemien dukka det opp mange omgrep som dei fleste av oss ikkje kjende til frå tidlegare. TISK-strategien er dei nasjonale tiltaka som vart innførte for å avgrense spreiinga av smitten.
Kvinne blir testa i nasen for covid-19 av helsepersonell iført smittevernutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smittevernlova slår fast at Helsedirektoratet kan påleggje kommunar og fylkeskommunar å organisere eller utføre tiltak og følgje bestemde retningslinjer når det er naudsynt for å sikre forsvarleg smittevern. Under covid-19-pandemien vart alle kommunane i landet pålagde å følgje TISK-strategien.

Testing

For å unngå spreiing av smitte er det viktig å teste alle som kan vere smitta, ikkje berre dei som har symptom på sjukdom. I starten av pandemien var det svært avgrensa kapasitet for testing, og berre personar med luftvegssymptom, feber eller andre sjukdomsteikn og personar med underliggjande sjukdommar fekk tilbod om testing.

Tilbodet om koronatesting vart utvida undervegs i takt med at testkapasiteten auka, og tilrådingane om kven som burde bli testa, vart endra. Det vart òg innført krav om testing for personar som kom til Noreg frå utlandet for å avgrense import av smitte frå land med høgare tal på smitta.

Isolering

For å avgrense smittespreiinga var det krav om isolasjon for personar som var smitta med covid-19 og nærkontaktane deira. Varigheita for isolasjonen var avhengig av sjukdomsforløpet. Kommunane vart pålagde å sørgje for hotellrom eller annan eigna stad for gjennomføring av isolasjonen dersom isolering i heimen ikkje var smittevernfagleg forsvarleg, eller viss dei smitta ikkje høyrde heime i Noreg.

Smittesporing

Ved stadfesta smitte av covid-19 var det oppgåva til kommunane å oppspore alle nærkontaktar til den smitta, informere dei om karanteneplikt og be dei teste seg for smitte uavhengig av om dei hadde symptom på koronasjukdom.

Dette arbeidet viste seg å vere svært ressurskrevjande av fleire årsaker. Nokre smitta hadde svært mange nærkontaktar, og andre var motvillige til å gi opplysingar om nærkontaktane sine og kvar dei hadde opphalde seg dei siste dagane før påvist smitte.

Karantene

Under koronapandemien var det karanteneplikt for personar som kom til Noreg frå område med høgare smittetal. I starten av pandemien kunne dei fleste med eigen bustad gjennomføre karantenen heime hos seg sjølve. Då smittetala auka, vart det krav om at alle som hadde vore i utlandet på det som vart definert som "unødvendig reise", måtte vere på karantenehotell i karantenetida.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaka til at nokon ikkje ønskjer å teste seg for smittsame sjukdommar?

  2. Kvifor kan det vere utfordrande å gjennomføre isolasjon i eigen heim?

  3. Kva konsekvensar kan det få dersom ikkje alle nærkontaktar blir varsla om at dei kan ha vore utsette for smitte?

  4. I første halvdel av 2021 meinte styresmaktene at det var naudsynt å skjerpe krava om innreisekarantene fordi dei opplevde at mange ikkje følgde karantenereglane. Diskuter med ein medelev kva som kan vere årsaker til at nokon ikkje følgjer slike karantenereglar.

Kjelde

Helsedirektoratet. (2019, 29. november). Koronavirus – beslutninger og anbefalinger. Henta 21. april 2021 frå https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus


Relatert innhald

Smittevernlova skal sikre behova til den enkelte og samfunnet for smittevern samtidig som ho skal ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar.

Smittevernlova og forskriftene som høyrer til, beskriv kva tiltak som kan setjast i verk for å førebygge og forhindre smittespreiing i befolkninga.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Grunnleggjande smittevernrutinar