Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gjennomføring av TISK-strategien

I samband med covid-19-pandemien vart det innført ei eiga forskrift og koronalov i tillegg til smittevernlova og ein nasjonal strategi for å avgrense smittespreiinga (TISK). Mange opplevde smittevernrestriksjonane som avgrensingar i kvardagen, og syntest dei var vanskelege å følgje.
Mann med munnbind held handa til hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de drøfte dei ulike delane av TISK-strategien (testing, isolasjon, smittesporing og karantene). De skal òg foreslå konkrete tiltak som kan gjere det enklare å gjennomføre tiltaka dersom det skulle oppstå liknande situasjonar i framtida.

Førebuingar

Klassen blir delt i fire grupper, og kvar gruppe startar på ein av stasjonane. På kvar stasjon ligg kulepennar, post-it-lappar og eit stort ark i minimum A2-format slik at alle gruppene festar lappane sine på det same arket for kvar stasjon. Det skal òg liggje to spørsmål på kvar stasjon, desse finn de lenger ned på sida. Spørsmål 1 er til diskusjon i gruppa, deretter skal de kome med forslag til konkrete tiltak i spørsmål 2.

Gjennomføring

  1. På kvar stasjon vel gruppa ein gruppeleiar. I løpet av gjennomføringa skal alle på gruppa vere gruppeleiar på minimum ein stasjon.

  2. Diskuter problemstillinga i spørsmål 1 på kvar stasjon, og lytt til innspela til kvarandre. Gruppeleiaren har ansvaret for at alle i gruppa kjem til orde og bidreg i diskusjonane.

  3. På kvar stasjon får de fem post-it-lappar kvar til å skrive ned eigne forslag til tiltak i spørsmål 2. Fest lappane på fellesarket mens den som har skrive han, les opp kva som står der. De gjennomfører dette ved å ta fem rundar i gruppa der kvar elev hengjer opp ein lapp om gongen og les opp det han eller ho har skrive.

  4. Etter oppgitt tid går gruppene vidare til neste stasjon slik at alle gruppene er innom alle stasjonane.

  5. Når de har gjennomført oppgåvene på alle stasjonane, går kvar gruppe tilbake til den stasjonen de starta på. Her skal de lage ei oppsummering av forslaga til tiltak basert på post-it-lappane frå alle gruppene.

    1. Gå gjennom alle post-it-lappane, og grupper dei som er like.

    2. Skriv forslaga direkte på det store arket som eit felles tankekart for heile klassen.

    3. Drøft tiltaka i gruppa.

  6. Kvar gruppe presenterer så tankekartet for resten av klassen.

    1. Grunngi kvifor de meiner at forslaga til tiltak vil fungere, eller kvifor de meiner dei ikkje vil fungere.

    2. Diskuter i klassen før de går vidare til neste tankekart, og gå gjennom alle stasjonane på denne måten.

  7. Evaluering av opplegget. Ta ein runde i klassen der kvar elev svarer på desse spørsmåla:

    1. Kva lærte du om TISK-strategien, som du ikkje visste frå før?

    2. Kva lærte du av å lytte til dei andre i gruppa?

    3. Kva lærte du av å vere gruppeleiar?

    4. Korleis kunne gjennomføringa av denne oppgåva vore annleis?


Kvinne blir testa for covid-19 av helsepersonell iført smittevernutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmåla på stasjonane

Her er spørsmål 1 og 2 til kvar av stasjonane:

Testing

Testing av mogleg smitta personar er viktig for å førebyggje spreiing av infeksjonar.

  1. Kva utfordringar kan oppstå i samband med å få personar til å teste seg for smittsame sjukdommar?

  2. Korleis kan de som helsepersonell endre oppfatninga til personar som er motvillige til å teste seg?

Isolasjon

Ikkje alle personar har bu- og heimeforhold som gjer det mogleg å gjennomføre isolasjon i eigen heim på ein forsvarleg måte i samsvar med smittevernforskriftene.

  1. Kva faktorar kan gjere det utfordrande å gjennomføre isolasjon i eigen heim?

  2. Korleis kan helse- og omsorgstenesta leggje til rette for isolering av personar som ikkje kan gjennomføre dette heime?

Smittesporing

Smittesporing kan vere ei krevjande oppgåve fordi den som er smitta, ikkje alltid ønskjer å oppgi nærkontaktane eller tilhaldsstadene sine.

  1. Kva kan vere årsaker til at ein person ikkje ønskjer å gi desse opplysingane?

  2. Korleis kan de som helsepersonell motivere pasientar til å gi dykk den naudsynte informasjonen for smittesporing?

Karantene

Personar utan symptom på sjukdom kan påleggjast karantene dersom dei blir omfatta av karanteneplikta.

  1. Kvifor kan det vere utfordrande for enkelte å følgje karantenereglane?

  2. Korleis kan de som helsefagarbeidarar argumentere for å få personar til å følgje tilrådingar og pålegg om karantene frå helsestyresmaktene?

Relatert innhald

Smittevernlova skal sikre behova til den enkelte og samfunnet for smittevern samtidig som ho skal ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2023

Læringsressursar

Grunnleggjande smittevernrutinar