Hopp til innhald

Fagstoff

Eliminasjon av avføring

Eliminasjon betyr å kvitte seg med noko. I medisinsk samanheng blir omgrepet nytta om dei prosessane som har med utskiljing av avfallsprodukt å gjere, både gjennom huda, nyrene og tarmen. Som helsefagarbeidar skal du observere med tanke på sjukdomsteikn knytte til eliminasjon av avføring.
Toalettrull utan papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Normaltilstand

Avføringsmønsteret varierer frå person til person avhengig av kostvanar, fysisk aktivitet og ulike andre faktorar. Nokre menneske har avføring kvar dag. Andre har avføring ein gong kvar veke utan at det er noko unormalt i det. Vanlegvis er avføringa mjuk og forma. Av farge er ho brun, og lukta kjem an på kosthaldet.

Observasjonar

Tømmingshyppigheit

Ettersom avføringsmønsteret varierer frå person til person, er det nødvendig å kartlegge kva for avføringsmønster pasienten har. Dersom ein vik frå mønsteret, kan det skuldast obstipasjon (forstopping).

Mengde

Avtakande eller lita avføringsmengde kan skuldast obstipasjon. Mengda beskriv vi som sparsam, middels eller rikeleg.

Konsistens

For å beskrive konsistensen blir det vanlegvis brukt omgrep som vasstynn, vellingaktig, grøtete, deigaktig, forma, hard eller knollete. Vekselvis obstipasjon og diaré utan påviseleg årsak kan skuldast vondarta sjukdom i tarmen. Svært fast avføring kan vere eit symptom på obstipasjon. Tynn avføring kan òg vere eit symptom på obstipasjon, men òg på matintoleranse eller infeksjonssjukdom i tarmen. Slimete avføring kan skuldast irritasjon av slimhinna i tarmen.

Farge

Dersom avføringa er lys, kan dette skuldast mangel på gallefargestoff, til dømes ved sjukdom i lever og gallevegar. Mørk avføring kan skuldast at avføringa inneheld blod (melena). Er avføringa svart og glinsande og har ei spesiell, stikkande lukt, kan dette skuldast store mengder blod i avføringa. Av og til kan ein òg sjå friskt blod i avføringa.

Innhald

Inneheld avføringa mykje ufordøydde matrestar, kan dette skuldast sjukdommar i tarmkanalen.

Lukt

Stinkande avføring kan skuldast infeksjon i tarmen.

Smerte

Smerter ved avføring kan skuldast obstipasjon, hemoroidar eller sjukdommar i tarmen. Oppstår det sterke krampeliknande smerter nedst i magen, saman med kvalme og plutseleg oppkast, kan dette vere teikn på obstipasjonsileus (tarmslyng). Dette er ein svært alvorleg tilstand.

Mageomfang

Dersom mageomfanget til pasienten aukar og magen verkar hard eller spent, kan dette skuldast obstipasjon.

Manglande kontroll

Dette kan skuldast ulike sjukdommar eller naturlege aldersendingar i mage- og tarmkanalen. Dette blir kalla anal inkontinens og kan føre til ufrivillig lekkasje av avføring eller at ein har problem med å rekke til toalettet i tide.

Allmenntilstand

Er allmenntilstanden nedsett, pulsen høg og pasienten klam og sveitt, kan dette skuldast alvorleg obstipasjon. Tilstanden er livstruande.

Utfordringar til deg

  1. Forklar kva eit avføringsmønster vil seie.

  2. Forklar kva som kan påverke avføringsmønsteret.

  3. Kva meiner du er eit normalt avføringsmønster? Diskuter dette med ein medelev og forklar kva de kjem fram til.

Relatert innhald

Når pasienten er sengeliggande og ikkje kjem seg på toalettet, vil bruk av bekken bidra til å sikre daglege toalettrutinar.

For å observere eliminasjon av urin må du vite kva normal tilstand er, og du må vite kva du skal sjå etter når du observerer urinen.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i fordøyingssystemet